Arbeidet med å rydda plass til Torvundparken ved torget på Nærbø starta for ei god veke sidan. Parallelt fekk politikarane i formannskapet opp ei ny teikning til godkjenning.
Torvundparken skal strekka seg frå torget og opp bakken i retning handelslaget.
– Kjekt for skular og barnehagar
Teikninga viser at ein universelt tilrettelagt gangveg som snor seg frå handelslaget i nord og vidare sørover.
I den nordlege enden av parken skal det komma ein sansehage med fleire benkar. Kommunen jobbar nå med å sjå på kva tresortar som kan passa her.
– Me vil ha ulike fargar, tre og strukturar, slik at det blir kjekt for skular og barnehagar å komma hit, fortalde prosjektleiar Hilde Marie Horpestad til formannskapet.
Sansehagen ligg høgast og lengst nord i parken. Derfor er tanken at sansehagen, saman med andre plantar, skal gje resten av parken livd for nordavinden.
Vidare sørover blir dagens bocciabane verande der han er i dag, men med ei tydelegare ramme rundt seg.
På austsida av parken skal det etablerast eit pump track, ein type bane som kan minna om ein BMX-bane, med kuler, svingar og hopp, men som kan brukast av alle typar syklar, sparkesyklar og balansesyklar.
Rett sør for bocciabanen er det sett av plass til mobile salsbuer.
Sjølve hjartet av parken blir «Heimen og ei halv løve», Gunnar Torvund sin skulptur frå 1989. Denne skal rustast opp og framhevast.
Heilt nedst i parken, nærast Torgplassen, er det sett av eit stort leikeareal med mjukt underlag.
Rivinga er i gang
Taxihytta og gatekjøkkenet som har stått der sidan 1980-talet er nå rivne. Det offentlege toalettbygget står framleis, men skal òg rivast. Det er førebels ikkje sett av pengar til å setta opp eit nytt, men det er sett av plass omtrent på same stad.
Det finst planar for plantar, tre og benkar over heile parken. Mesteparten av parken blir med gras, men i midten blir underlaget asfalt, i alle fall i første omgang. Det er på asfalten salsbuene skal stå.
I same område blir det lagt opp til avvikling av større arrangement.
Nærare jernbanen er det òg sett av plass til eit framtidig område med vassleik, sjølv om det ikkje er sett av pengar til dette i denne omgang.
Is eller ikkje?
På teikninga politikarane fekk lagt føre seg, var det òg sett av plass til det som var merka som «Potensiell flate for isbane». Akkurat det førte med seg litt diskusjon.
Njål Sikveland (Ap) åtvara mot å låsa området til isbruk og føreslo å endra formuleringa til ballbane eller liknande.
Trond Knutsen (H) plukka opp same poeng:
– Skriv me at det er isflate, skapar me nok store forventningar hjå enkelte. Det er til idrettsformål.
Knutsen ramsa opp alternative bruksmåtar, som sandvolleyball, sandhandball, og sandfotball.
– Kall det kva du vil, men eg trur det er farleg om det står isbane. Då trur eg håbuen forventar det same som i Klepp, og det trur eg kostar, sa han.
Prosjektleiar Hilde Marie Horpestad sa at den rette nemninga var fleirbruksflate.
– Grunnen til at det står is, er at det må vera ein plan for kor vatnet blir av, men tanken er at du berre skal ha eit flatt areal du kan gjera kva du vil på, sa ho.
Hemmeleg Torvund-bidrag
Horpestad kunne elles røpa at kommunen er i dialog med håbu og poet Helge Torvund, bror til Gunnar, men var løyndomsfull om det konkrete innhaldet i dialogen.
– Me ser på moglegheitene for å legga inn nokre skjulte perler, sa ho.
Parken skal vera klar neste år, men blir forma ut slik at det er mogleg å legga til nye element etter kvart.