Alt skal vekk. Naboar, vennar og kjende går og kikkar blant brukte klede, parykkar, leiker, lysestakar, hjelmar, bøker, sko og symjeføter i eit nabolag på Bryne. Det er sundag 16. august og familien Bjorland Stone har invitert til garasjesal.
Eller, garasje og garasje, eigentleg stod det meste av salsvarer ute framfor huset, men eit par uventa regnbyer gjorde at dei i all hast måtte berast inn i garasjen.
– Dette kjem eg ikkje til å sakna, seier Gunnar Bjorland Stone og kikkar opp på regnet.
Tropisk regnskog
Om fire månadar flytter han, kona Talitha og resten av Rosseland-familien frå Bryne til Byron Bay, heilt nord i New South Wales, på austkysten av Australia.
Der, i eit tropisk regnskogområde, skal dei busetta seg på garden til far til Talitha.
– Det blir tre kilometer til den næraste barnefamilien, seier han.
Forholda blir med andre ord ganske annleis enn det dei er vande med frå Rosseland.
Talitha er rett nok frå Australia, men ho vaks opp i storbyen Sydney. Tilhøva på den australske landsbygda, dit dei no flyttar, er ganske annleis.
– Eg kjem til å sakna det at barna berre kan springa over til naboen, seier ho.
Som Gunnar, kjem ho ikkje til å sakna jærklimaet.
– Dit me skal er det varmt heile året og nydelege strender, seier ho.
Når nordmenn flest tenker på Australia, ligg farleg flora og fauna langt framme i pannebrasken. Talitha innrømmer at akkurat den delen er ho litt redd for sjølv.
– Eg må repetera litt om slangetryggleik, men eigentleg trur eg at det er litt overdrive kor farleg alt er, seier ho.
Jordmor og olivenseljar
Planen deira er å bygga eit lite hus på garden til far hennar.
Talitha skal studera til å bli jordmor, medan Gunnar seier opp jobben som kyrkjeverje i Sola til fordel for å passa ungane og selja oliven på lokale marknadar tre gonger i veka.
– Eg hoppar av hamsterhjulet mitt, seier Gunnar.
For småbarnsfamilien handlar det om at dei kan klara seg med mindre om det betyr at dei får meir tid til kvarandre.
– Me treng ikkje jobba så mykje for å oppretthalda det nødvendige i livet. Me må klara oss med mindre, men me får noko igjen òg: Nærleik og tid med familie og vennar, seier han.
Han understrekar at han ikkje er ute etter å kritisera andre sine val eller livsstilar, men seier han og Talitha opplever at tempoet i samfunnet er så høgt at dei endar med å sitta igjen med lite tid til det som er viktigast.
– Det er familie og opplevingar, tid til å vera med folk og høve til å seia ja når nokon spør om noko. Dette er ting som sjølvsagt går an å gjera òg i Norge, men for eigen del opplever eg at alle har det hektisk, seier han.
Gunnar trivst med det han gjer i dag, anten me snakkar jobb eller politisk arbeid som kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti.
– Men det er noko som er viktigare. Det er livet med den næraste familien. Eg vil ikkje at ettermælet mitt skal vera at eg blei administrerande direktør eller ordførar. Eg vil at ettermælet mitt skal handla om kva slags person eg var for familien min og vennane mine. Då må eg ta grep, seier han.
Blanda kjensler
Talitha seier at når dei nå bryt opp frå tilværet dei har skapt saman på Bryne, er det med blanda kjensler. Ho seier elleve år er lang tid.
– Det blir trist å reisa frå familie og vener. Det er først når du reiser frå det du ser kva du har, seier ho.
Ho seier hjartet hennar alltid vil vera delt mellom Norge og Australia.
– Sånn er det å ha to heimland. Det gjer livet rikare, men ein del av deg vil alltid lengta, seier ho.
Ein medverkande årsak til at familien flytter er at Talitha, trass sine elleve år i Norge, aldri heilt klarte å finna seg til rette her. Ho fortel at det har vore vanskeleg for henne å integrera seg og å etablera ei karriere i Norge.
– Nå har eg komme inn på jordmordstudier i Australia. Det gjer det lettare å flytta, seier ho.
Gunnar og Talitha har to barn: Dottera Rubi Jean på seks år og sonen River Phoenix på eitt. I tillegg hadde dei eit barn til som dei mista kort tid etter fødsel.
– Det er nok òg ein av grunnane til at me har fått eit nytt perspektiv rundt livet, seier Gunnar.
– Mange kan drøyma om å bryta opp og søka eit enklare liv, men blir meir tryggleikssøkande når dei sjølv får barn. Korleis er det med dykk?
– Det har jo me òg vore. Eg har hatt trygg jobb, me har tatt opp lån så me kunne kjøpa større hus slik at ungane får meir plass å vera når dei blir ungdommar og så vidare. Men så har me begynt å reflektera om kva som eigentleg skaper tryggleik for ungane. Me trur at det først og fremst er kjærleiken me skapar i familien som gjev dei tryggleiken dei treng. Det me gjer nå er å legga betre til rette for dette.
Flyttar frå vennar
Avgjerda hadde nok vore lettare om dei ikkje hadde barna å ta omsyn til. Særleg trist er det å tenka på at Rubi Jean må reisa frå vennane sine. Talitha og Gunnar er likevel trygge på at det valet dei har tatt, er det rette. Tankegangen er at om foreldra er trygge og glade, vil ungane vera det same.
– Skulle me sjå at det ikkje er bra for familien, kan me flytta tilbake, men me vil alltid angra om me ikkje prøvde, seier Talitha.
At det ikkje er heilt ukjent land, men at dei faktisk flyttar til familie, er nok òg med på å gjera det lettare. Familien har vore i Byron Bay fleire gonger tidlegare, sist frå januar til mars i år, då Gunnar var ute i pappaperm.
Far til Talitha flytta dit for 15 år sidan for å bli olivenbonde. I tillegg driv han Grumpy Grandma's Olives, som sel oliven og olivenoljer. Det er desse produkta Gunnar skal stå på marknadar og selja tre gonger i veka.
– Bondens marknad er veldig stort der nede, seier Gunnar.
Han ser fram til å gå i gang som olivendreng hjå svigerfaren:
– Nokon vil kanskje tru at det er eit nederlag å gå frå jobb med leiaransvar til å bli olivenseljar, men det er det ikkje. Det er eit val eg står støtt i. Fytti som eg gler meg!
Gunnar har allereie gått til innkjøp av gul og grøn Felleskjøpet-caps han skal bruka når han sel oliven. Sjølv om han byter kontinent, gjev han ikkje avkall på identiteten.
Trur han skal la seg integrera
Han innrømmer at her ligg det noko han gruer seg for: Ungane hans kjem til å veksa opp som australiarar. Det er han innforstått med.
– Men kva med meg og mi historie? Korleis skal eg føra ho vidare, spør han.
På den andre sida er det spørsmål som kona hans måtte stilla seg då ho flytta til Norge.
– Nå er det min tur, slår Gunnar fast.
Han gruer seg og til å reisa vekk frå familie og venner.
– Men eg trur det skal gå bra. Australiarar er flinkare til å integrera enn det nordmenn er, sjølv om det heilt klart blir trist å forlata fedrelandet, seier han.
Når dei reiser, er det med kvar sin koffert. Alt anna må familien kvitta seg med. Huset har dei seld allereie. Det som står igjen nå, er alle tinga. Det vil seia, litt har allereie gått til gjenbruksbutikkar. Nå er det direktesal frå utsida av huset, det første av fleire.
– Frigjerande
Lars Tjelle er kamerat av Gunnar. Nå går han og resten av familien og kikkar for å sjå om det er noko dei har bruk for.
– Både kona og ungane er veldig glade i loppemarknad, så det er ein kjekk sundagsaktivitet, særleg når me kan hjelpa til med noko i tillegg, seier han.
Tjelle meiner det er både sprekt og spennande det familien Bjorland Stone nå skal gjera.
– Eg respekterer det fullt, men ville nok ikkje gjort det sjølv, seier han og ler.
Det er mange kjære eigedelar som nå forsvinn ut av familien sitt eige. Talitha seier ho prøver å ikkje tenka for mykje på det.
– Eg har brukt elleve år på å samla saman ulike skattar, ting eg aldri vil finna i Australia. Eg skulle ønska me kunne ta alt med oss. Men det ligg ein lærdom her: Det å la ting fara. Det kan frigjera deg. Og det me reiser til, er så mykje meir verdfullt enn desse tinga, seier ho.