Det er dyrt å henga med i teknologiutviklinga.
Men nå kan dei gleda seg, dei minst 45 elevane som skal gå Vg2 i industri- og teknologifag på Bryne vgs. til hausten: Dei skal få trena seg på noko av det aller siste i produksjonsutstyr.
Den splitter nye fiberlaseren til 1,5 millionar kroner gjer mykje av seg i verkstadhallen på skulen. Den er resultatet av eit spleiselag mellom stålbedriftene på Jæren.
Bryne vgs. lovar elevane «opplæring og ein arbeidsmoral som arbeidslivet på Jæren set pris på». Framover vil dei også få elevar som har endå meir kompetanse enn før når dei kjem ut i bedrifter som lærlingar.
Rogalands største opplæringsbedrift
– Nå skal elevane få sjå kva det vil seia å jobba som produksjonsteknikar før dei kjem ut i lære, sa avdelingsleiar Rita Varhaug Grimstad og lærar Henriette Grødem Håland då dei sist veke tok del i den offisielle «opninga» av den nye tida.
Med monstermaskinen durande i bakgrunnen og marsipankake klar til å delast i forgrunnen, roste Ove Johan Aklestad Bryne vgs., «Rogalands største opplæringsbedrift». Aklestad er dagleg leiar i Ofir – Opplæringskontoret for industrifag i Rogaland – som har stått for innkjøp og samordning av dette økonomiske løftet.
Spleiselag i 20 år
– Det er spleiselag mellom bedrifter og opplæringskontor som gjer det mogleg for skulen å ha topp moderne utstyr. Bryne vgs. er skulen det er satsa mest på, sa Aklestad. Opplæringskontoret forventar at fiberlaseren bidrar til at fleire søker seg i produksjonsretning, understreka han.
Laserkuttaren er langt ifrå det første eksempelet på samarbeid mellom bedrifter, Ofir og Bryne vgs. Selskapa har investert rundt éin million kroner per år i 20 år, ifølge Ove Johan Aklestad.
20 logoar på eit kvarter
Ut av den rumlande maskinen kom etter kvart ei mengd Bryne vgs.-logoar i 2 millimeters stål som laserkuttaren hadde skore ut – 20 stykk på 15 minutt, fortalde lærar Jonny Solberg.
– Me har ønskt oss dette i mange år. Stansemaskinen me hadde, var utdatert. Heile bygget rista når han slo.
Fiberlaseren kom i hus før jul, ifølge Vg2-elevane Malin Herikstad og Mia Hagland. Dei to var dei første elevane som fekk opplæring i maskinen, etter at lærarane hadde lært det.
– Veldig spennande, sa dei to, som nå skal ut i lære – Herikstad til Nærbø-firmaet Tubedrill, som borer hôl, og Hagland til Lærdal Medical.
– Enorm fordel for bedrifta
Mange av bedriftene som bidrar i spleiselaga, var òg til stades ved seremonien. Produksjonsdirektør Jone Edland i Kverneland Group var ein av dei.
– Bryne vgs. er ein av dei som leverer flest lærlingar i Norge, og me nyttar oss mykje av elevar herifrå. Det er ein enorm fordel at dei har kompetanse på moderne utstyr når dei kjem til oss, sa han.
Fiberlaseren kan produsera mange ulike delar om gongen. Men dette vil neppe vil minska behovet for folk, trudde Edland.
– Me må ha folk som skal operera maskinen. Men den vil auka produksjonen, meinte produksjonsdirektøren.
– Trygt viss ein følger reglane
Nå går det mot sommarferie på skulen. Men til hausten er det bånn gass, ifølge avdelingsleiar Rita Varhaug Grimstad, som takka næringslivet for bidraget.
– Fiberlaser er eit veldig godt utgangspunkt til de som ønsker fleire produksjonsteknikarar i lære. Me skal forvalta oppdraget så godt me kan, og neste skuleår set me inn støtet, sa ho.
Etterpå, ved skjermen som fortel kva som går føre seg innanfor veggene i fiberlaseren, sto ho og lærar Henriette Grødem Håland og følgde med.
– Omgrepet «laser» fekk ein litt skummel tyding nyleg, då eit laserlys blinda ein russ. Er dette trygt?
– Viss ein opnar døra til maskinen når den jobbar, er det farleg. Men viss ein følgjer alle tryggingsreglar, er det trygt, forsikra dei.