– Det var vanskeleg. Øksa sklei litt, men det gjekk greitt.
Slik samanfattar Magnus Klakegg korleis det gjekk då han skulle bruka ei tradisjonell øks til å telja ein tømmerstokk, det vil seia å hogga han til, slik at sidene blir slette.
Konkurranse
Klakegg og medelevar frå bygg og anlegg-linja på Tryggheim vidaregåande skule er på fagdag hjå Undal AS i Stokkalandsmarka. Her får dei ei innføring i ulike gamle handverksteknikkar. Så blir dei delte inn i grupper og sette til å konkurrera i ulike øvingar:
- Telja tømmer
- Legga skifertak
- Kamnov (ein gammal samanføyingsmetode)
- Høvling av golvbord
Dei tilsette følger med og deler ut poeng til dei ulike gruppene etter kor godt dei gjer det. Gruppene som gjer det best får premie i form av «merch».
Inspirasjon
Lærarane Bjarte Gudmestad og Kenneth Undheim synest det er «fantastisk» at elevane deira blir invitert ut til bedrifta, som tar mange jobbar innan restaurering og bygningsvern.
– Dette går rett inn i læreplanen, seier Gudmestad.
Her får elevane gjera seg kjend med gamle teknikkar som er gløymde for dei fleste, og dei får treffa handverkarar ute i jobbkvardagen.
– Det er inspirerande, både for elevane og oss lærarar, seier Gudmestad.
– Meir enn å skru gips
For Undal AS handlar det om å gjera seg synlege for elevane og visa fram dei moglegheitene som finst.
– Nå for tida er tømraryrket helst berre gips og precut-montering. Me vil visa at det går an å gjera andre ting òg, seier byggmeister Alf-Magne Undal.
Då han samla elevane for å orientera om firmaet og kva dei driv med, fortalde Undal at han har ti års erfaring frå prøvenemnda. Det er dei som på vegner av fylket bedømmer lærlingane sine sveineprøvar.
Undal fortalde at han har inntrykk av at skilnaden mellom ulike lærlingar er stor. Dei som går hjå store bedrifter har mindre breidde i erfaringa, meiner han.
– Dei som jobbar i mindre bedrifter risikerer ikkje å gå i eit halvt år og berre skru gips. Dei må gjera litt av alt, sa Undal.
Han la til at når det er sagt, så består dei aller fleste tømrarlærlingar sveineprøva, anten dei har vore i større eller mindre firma.
– Ein jobb KI aldri vil ta
Det har blitt stadig vanlegare at utlærte tømrarlærlingar bygg på utdanninga med å søka seg inn på teknisk fagskule. Undal oppmoda dei unge elevane til å òg sjå på andre moglegheiter.
– Det er mykje anna gildt det går an å gjera, sa Undal.
Han nemnde vidareutdanningane bygningsvern og restaurering og tradisjonelt bygghandverk som døme.
– Me kan ikkje alle bli ingeniørar eller byggteknikarar. Nokon må bygga dei husa me skal bu i, sa han og la humoristisk til at det ikkje kjem ein KI og tar jobben din om du vel å jobba med gamle hus.
Det er andre året på rad Undal AS arrangerer ei tilstelling som dette for bygg og anlegg-elevane. Etter fjorårets arrangement, opplevde dei at det kom fleire elevar og ville på utplassering hjå dei.
– Dei fortalde at det var kjekt å komma hit og sjå, seier Undal til Jærbladet.
Frå elev til læremeister
Olav Hetland frå Varhaug har sjølv gått på bygg og anlegg på Tryggheim. Nå jobbar han hjå Undal AS og det er hans tur til å vera lærar, i alle fall for ein dag.
– Det er gildt å sjå kor fokuserte dei er, seier Hetland, som er i ferd med å gje Johannes Høie Hetland ei innføring i kamnov.
For Høie Hetland er det midt i blinken.
Då han skulle søka seg inn på vidaregåande vurderte han faktisk ein skule med eiga linje for tradisjonsbygg, men kom til slutt fram til at han heller ville gå på Tryggheim, som er nærare heime.
– Det verkar som det som er bygd etter gamlemåten er mykje meir solid. Det held mykje betre enn dei nye. Sjå berre på dei gamle husa i Setesdal, seier han.
Han medgjev at det likevel kan vera tungvint å gjera ting på gamlemåten, men seier han liker ei utfordring.
– Du må vera litt flinkare for å få det til. I tillegg så er det sjølvsagt viktig å ha godt material, seier Høie Hetland.
Kjekt å prøva sjølv
Likevel, tradisjonshandverk er ikkje for alle.
Thomas Strandberg synest det er kjekt å prøva, men seier at det nok er nybygg som er hans greie.
– Det går kjappare å bygga med precut, seier Strandberg, som ikkje er særleg glad i putlearbeid.
Sofie Ree Sunde seier at mange synest restaurering høyrest kjedeleg ut, men at det eigentleg er veldig interessant. Ho synest det er kjekt at dei får lov til å prøva sjølv.
– Det gjer det lettare å vita kva du sjølv har lyst til å halda på med, seier ho.
Sjølv trur ho ikkje ho har tolmod til å driva med tradisjonshandverk og restaurering.
– Det er gildare å sjå eit stort hus bli bygd frå botnen av, meiner Sunde.