Statsforvaltaren i Rogaland meiner det er grunn til uro knyta til korleis barnevernstenesta i Klepp ivaretar oppgåvene sine.
Statsforvaltaren i Rogaland meiner det er grunn til uro knyta til korleis barnevernstenesta i Klepp ivaretar oppgåvene sine. Foto: Brit Romsbotn (arkiv)

I 2024 fekk Statsforvaltaren i Rogaland inn seks klagesaker på barnevernet i Klepp.

Året etter steig talet til 22.

Uro

Det er ikkje slik at alle som har klaga har fått medhald, men i eit brev der Statsforvaltaren inviterer barnevernstenesta til møte, peikar dei på at enkelte tema går igjen i klagene:

  • Svakheiter i saksbehandlinga, med lang behandlingstid, mangel på framdrift, saker som ikkje er godt nok opplyste og fråvær av tydelege planar
  • Klagarar har ei kjensle av at grunnleggande rettar ikkje blir tatt vare på. Dette er spesielt knyta til innsyn, grunngjevingar og informasjon om eigne rettar
  • Hyppige skifter av saksbehandlarar blir trekt fram som ei utfordring av fleire av dei som klaga

Statsforvaltaren skriv at på bakgrunn av auka i talet på klager og det som ser ut som gjentakande problemstillingar i fleire av klagene, er dei uroa over korleis barnevernstenesta utfører oppgåvene sine.

Derfor har Statsforvaltaren invitert barnevernsleiar Ine Haver og kommunalsjef Gry Hetlelid til møte.

Målet er å få oppdatert informasjon frå tenesta, men òg kommunen si eiga vurdering av korleis barnevernstenestene utfører dei lovpålagde oppgåvene sine.

– Ingen dramatikk

Barnevernsleiar Ine Haver seier i ein kommentar til Jærbladet at det er bra Statsforvaltaren er opptatt av rettstryggleiken.

– Det me gjer, skal vera transparent og etterprøvbart, seier ho.

Statsforvaltaren har fleire oppgåver overfor dei kommunale barnevernstenestene. Dei skal vera klageinstans for dei som ikkje er nøgde med vedtaka som er gjort i kommunen, dei skal føra tilsyn med at barnevernet etterlev barnevernslova og dei skal gje kommunane råd og rettleiing.

Statsforvaltaren har ulike verkemiddel for å gjera dette. I dette tilfellet har dei invitert barnevernstenesta til eit dialogbasert møte.

Møtet er i begynninga av juli.

Før dette, ønsker ikkje Haver å kommentera saka i detalj. Ho understrekar likevel at det ikkje er uvanleg å bli invitert til statsforvaltaren.

– Det er ikkje dramatikk i det, seier ho.

– Statsforvaltaren skriv at dei finn grunn til uro for korleis de ivaretar lovpålagde oppgåver. Er det grunn til uro?

– Barnevernstenesta er opptatt av å følge loven. Eg er glad for at me har ei tilsynsmynde i Statsforvaltaren. Dei har rettleiingsplikt for kommunane. Det er derfor nyttig med dialog for å sikra praksis.

Haver legg til at det ofte hender at barnevernstenesta sjølv tar kontakt med Statsforvaltaren for å få rettleiing om det er ting dei er usikre på eller lurar på.

Om auka i talet på klager svarar Haver at ho på grunn av teieplikta ikkje kan gå nærare inn på desse.

Ikkje nemnd i tilstandsrapport

I siste møte i kommunestyret før sommarferien blei kvalitetsmeldinga for tenesteområdet oppvekst lagt fram for politikarane. Innbakt i denne meldinga er òg den årlege tilstandsrapporten for barnevernstenesta.

– I tilstandsrapporten står det ikkje noko om uroa til Statsforvaltaren i Rogaland. Kvifor ikkje?

– Brevet frå Statsforvaltaren kom i etterkant av at rapporten blei skriven.

– Det står heller ikkje noko om den kraftige aukane i klager, som er det som ligg til grunn for brevet for Statsforvaltaren?

– Det er ikkje uvanleg at familiar klagar til Statsforvaltaren, men det er ikkje noko me skriv om i tilstandsrapporten.

Høgt sjukefråvær

Då politikarane i Klepp diskuterte tilstandsrapporten, blei sjukefråværet i barnevernstenesta eit tema.

I 2023 var sjukefråværet i barnevernstenesta i Klepp 5 prosent. I 2024 steig dette til 13,8 prosent. I 2025 steig det ytterlegare, til 16,7 prosent. 14 prosent av dette var langtidsfråvær.

Ifølge rapporten heng langtidsfråværet i stor grad saman med fråvær knytt til svangerskap og langvarig sjukdom.

På bakgrunn av ei medarbeidarundersøking, har kommunen sett inn ein tiltaksplan som skal førebygga fråvær og utskiftingar blant dei tilsette.

I kommunestyret etterlyste Bent Horpestad (H) og Aud Hege Myrstøl Skrikrud (Frp) meir konkret informasjon om kva desse tiltaka er og korleis effekten av dei blir målt.

– Me veit at både sjukefråvær og kan gå ut over både arbeidsmiljø og kvalitet, og at det derfor trengst ein tydeleg plan for forbetring, sa Skrikrud.

Til Jærbladet seier Haver at det på grunn av personvernomsyn er vanskeleg å omtala konkrete tiltak i samband med sjukefråvær, men at dei er opptatt av god oppfølging av dei som er sjukmelde.

– Målet er å ha eit lågt sjukefråvær, seier ho.

– Færre sluttar

I fjor skreiv Jærbladet at over halvparten av dei tilsette i barnevernstenesta i Klepp slutta i løpet av 2024. To av desse pensjonerte seg, medan resten av dei gjekk vidare til andre jobbar.

Den gongen stadfesta verneombod Åse Linn Haagensen at tenesta hadde utfordringar knyta til det psykososiale arbeidsmiljøet. Ho omtalte 2024 som eit krevjande år.

– Det er mange som har slutta, og nye har vorte tilsett. Det tar tid å bygga fundament i ei ny gruppe, sa Haagensen den gongen.

Tilstandsrapporten som Klepp-politikarane nyleg diskuterte seier ikkje noko om utskiftingar i arbeidsstokken framleis er ei utfordring i tenesta.

Til Jærbladet seier barnevernsleiar Haver at tenesta ikkje hadde same utfordringa med turnover i fjor.

– I 2025 var det tre personar som slutta. Me ligg ikkje høgare enn det nasjonale snittet for turnover i barnevern, seier Haver.

Tal Jærbladet har fått frå KS, kommunesektoren sin organisasjon, viser at det nasjonale snittet for turnover i kommunalt barnevern i fjor var på 14,3 prosent.

Vil vita om konsekvensar

I brevet som har gått frå Statsforvaltaren i Rogaland til barnevernstenesta i Klepp, signaliserer Statsforvaltaren at dei har fleire spørsmål knyta til stabilitet, sjukefråvær og utskiftingar i staben og eventuelle konsekvensar dette kan ha fått for brukarane av tenestene.

– I kor stor grad har dette fått konsekvensar for familiane?

– Er det nokon som blir sjukmelde, fører dette til at familiar må få ny kontaktperson. Dette trur eg i nokre tilfelle blir opplevd som belastande for familiane.

Barnevernsleiar Haver seier dei i slike tilfelle er opptatt av å få til gode overføringar.

– Men det er klart ein som brukar ønsker å forhalda seg til færrast personar mogleg. Det gjeld alle offentlege tenester.