Styreleiar Stein Aarsland og dagleg leiar Svanhild Taksdal Søiland er trygge på at barnehagen vil halda på særpreget sitt, sjølv om han nå blir større.
Styreleiar Stein Aarsland og dagleg leiar Svanhild Taksdal Søiland er trygge på at barnehagen vil halda på særpreget sitt, sjølv om han nå blir større. Foto: Håvard Ovesen

– Så fort som mogleg, er svaret frå styreleiar Stein Aarsland på spørsmålet om når arbeidet begynner.

For skal Preg Tryggheimvegen, eller Tryggheimvegen barnehage, som dei fleste nok kjennar han som, få plass til to nye avdelingar, må dei bygga nytt. Det skal dei gjera i forlenginga av dagens bygg.

Det nye bygget skal vera frittståande, men får ein gjennomgang til dagens bygg.

Målet er at alt skal stå klart til august neste år.

Over 100 plassar

I dag har barnehagen ein kapasitet på 72 plassar, fordelt på to avdelingar for dei over tre år, kvar med 24 plassar, og to avdelingar for dei under tre år, kvar med 12 plassar.

Nå er planen å utvida med 36 plassar til: Ei avdeling med plass til 24 barn over tre år og ei avdeling med 12 plassar til dei under tre.

Initiativet kom frå kommunen, som i desse dagar jobbar med ny barnehagebruksplan. Planen skal seia noko om behovet for barnehagar i kommunen i dei kommande åra.

Det er, som Jærbladet har skrive om ved fleire tidlegare høve, få ledige barnehageplassar på Nærbø. I tillegg har kommunen begynt å rekna leike- og opphaldsareal på ein ny måte. Det kan gjera at kapasiteten i bygda går ytterlegare ned.

Med dette som bakgrunn, kontakta kommunen Preg Tryggeheimvegen og spurde om dei var interesserte i å utvida. I så fall, lova dei å legga denne utvidinga til grunn når dei til hausten legg fram den nye barnehagebruksplanen.

Kommunedirektøren si vurdering er at ei utviding av Tryggheim barnehage gjev kommunen større fleksibilitet i den vidare planlegginga.

Måtte tenka seg om

Aarsland seier at når førespurnaden kom, måtte dei tenka seg nøye om. Hadde dei høve, plass og lyst? Etter å ha tatt nokre rundar, kom dei fram til at det hadde dei: Det kan bera seg økonomisk og utvidinga er praktisk mogleg.

Samtidig er det viktig å ta vare på særpreget i barnehagen, ein relativt liten, barnehage med kristen formålsparagraf der alle kjenner alle.

– Me landa på at me kunne sjekka av på alle desse tinga. Då var det vanskeleg å seia nei, seier Aarsland.

Torsdag i førre veke gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å gje barnehagen førehandstilsegn på tilskott til drift av dei 36 nye plassane.

Dagleg leiar Svanhild Taksdal Søiland roser kommunen for å vera flink til å samarbeida med private aktørar.

– Det er ikkje alle plassar ein kan ta det for gjeve, seier ho.

Utvidinga skjer året etter at Espira Skjeraberget fekk tilsegn om ei liknande utviding med 26 småbarnsplassar. Dette skal løysast med å ta i bruk det gamle og verna hovudhuset på Skjeraberget. Arbeidet med å rusta opp er i full gang.

I mellomtida får Espira nytta lokal i nedlagde Urhei barnehage.

– Det viktigaste er folka

På Tryggheim blir løysinga eit nybygg på sørsida.

– Me lagar det til slik at dei minste får eit uteområde som er litt meir skjerma enn det er i dag, seier Søiland.

Den daglege leiaren er opptatt av at sjølv om dei nå får 36 nye plassar, skal ikkje foreldra oppleva Tryggheim som ein kjempesvær barnehage som ikkje ser ungane deira.

Litt av dette kan løysast med bygningsmasse og uteareal og liknande, men det viktigaste er dei tilsette.

– At folk kjenner nærleik til barnehagen handlar mykje om dei som jobbar her, seier Aarsland.

Dagleg leiar Søiland seier ho er enormt takksam for alle dei gode folka ho har med seg. Sjukefråværet er lågt og det er lite utskiftingar.

– Eg har folk som har jobba her i både 20 og 25 år, fortel ho.

Aarsland seier at alle kan bygga eit nytt bygg, men at godlyden rundt Tryggheim barnehage handlar om folka.

– Det er viktig for eigenarten vår, at me òg skal ha gode folk i framtida. Det er eit varemerke for oss, seier han.

Styreleiaren nyttar høvet til å skryta litt av den daglege Søiland.

– Ho kjenner alle ungane. Og det er ikkje mange daglege leiarar som står opp klokka fire om vinteren for å skru på snøkanonen så ungane har snø i akebakken når dei kjem i barnehagen på morgonen, seier han.

Set spor i barnesinn

Søiland seier dei er heldige som får låna ungane litt på dagtid.

– Me er opptatt av å ha gode auge og gode fang for dei. I tillegg har me kjerneverdiar som meistring, likeverd og nestekjærleik som me prøver å ha fokus på, seier Søiland.

Barnehagen sin visjon er «Saman om å setta spor».

– Målet er at når me treff igjen ungane som har gått her 20 år seinare, skal det sitta igjen noko frå tida dei hadde her, seier Søiland.

Ho har vore med så pass lenge at ho har opplevd at tidlegare barnehagebarn nå kjem tilbake med sine ungar.

– Då har me i alle fall gjort noko rett, seier ho.

I si noverande form fyller Tryggheim barnehage 20 år i år, men historia går mykje lenger tilbake enn det. Barnehagen opna for første gong i 1979, den gongen som ein korttidsbarnehage.

– Det var ope fire timar til dagen, slik at ungane på gardane kunne komma seg ut og sosialisera seg i eit par timar, fortel Søiland.

Heftig byggeår

Ein byggekomité er allereie sett ned. Aarsland seier dei går eit heftig år i møte. Først skal det planleggast og så skal det søkast. Først etter at kommunen har godkjend planane, kan bygginga gå i gang.

– Det skal vera mogleg å få til, slik at det er klart til hausten neste år, men det skal òg klaffa med tilsettingar og den slags, seier han.

– Dette får me til, seier Søiland.

At barnehagen det kommande året òg blir byggeplass, trur ho òg skal gå greitt. Undervegs blir det både byggegjerde og god skjerming.

Søiland fortel at det berre eit par-tre år sidan sist barnehagen hadde eit mindre byggeprosjekt. Med eit godt samarbeid med foreldra, gjekk det heilt fint, fortel ho.

– Sånn det er planlagt, skal barnehagedrifta bli påverka minst mogleg, seier Søiland.

Styreleiar Aarsland trur arbeidet først og fremst vil vera til god underhaldning for forvitne ungar.

– Sandkassen kjem til å gå varm, meiner han.