Breidablikk kulturbarnehage ligg langs Parkvegen på Nærbø. Her er det tre avdelingar, ei for småbarn og to for dei store. Barnehagen skil seg frå dei andre kommunale barnehagane i Hå, ved ei særleg satsing på musikk, kunst, kultur og kreativitet.
I dag har barnehagen 18 tilsette. Kapasiteten er 47 barn. Skal ein legga dei nye utrekningsmetodane for leike- og opphaldsareal til grunn, er kapasiteten litt mindre.
Dårleg eigna bygg
Ein annan ting som gjer barnehagen litt spesiell, er at delar av han held til i eit bygg som er verna: Breidablikk skule frå 1912. Dette er eit av dei eldste husa på Nærbø.
I 2000 fekk det gamle skulebygget eit tilbygg i same stil. Dette er også i bruk, men i mykje dårlegare stand enn skulebygget frå 1912, som sist blei rehabilitert i 2017.
Småbarnsavdelinga held til i eit gammalt bustadhus i Vestkroken, på andre sida av det som er eit stort, grønt og variert uteområde.
Til felles har desse bygga at dei er lite eigna for barnehagedrift.
Det er tungvint å driva i dei, det er ikkje universell utforming, areala for dei tilsette er ikkje i tråd med retningslinjene, det manglar møterom og arbeidsrom, det er ikkje nok garderobar og toalett, parkeringsløysinga er mangelfull og luftkvaliteten er dårleg, for å nemna noko.
Det er òg vanskeleg å organisera spesialrom som kan trengast i ein kulturbarnehage, til dømes formingsrom og dramarom.
For ordens skuld må her nemnast at sjølve barnehagen får gode skotsmål: Ifølge kommunedirektøren gjev han barna eit «faglig godt og helhetlig tilbud.»
Heilt sidan Hå fekk ny barnehagebruksplan i 2022, har det vore meininga å rusta opp Breidablikk kulturbarnehage. Politikarane sette av ti millionar kroner til arbeidet, utan at det så langt har blitt gjennomført.
Fire moglege løysningar
Det vil seia, i samband med at Hå til hausten skal få ny barnehagebruksplan, har kommunen hyra inn konsulentar til å finna ut kva som kan gjerast med barnehagen.
I moglegheitsstudien er fire ulike alternativ lista opp:
- Å laga eit nytt tilbygg på 270 kvadratmeter til gamlehuset og behalda tilbygget frå 2000 som det er. Lokala til dei tilsette blir flytta ned til første etasje i gamlebygget, medan andre etasje blir brukt til lager av kostyme, rekvisittar, og liknande. Lokala til dei tilsette blir betre, men neppe i tråd med nyare krav. Med denne løysinga vil barnehagen ha same kapasitet som i dag. Kommunedirektøren vurderer dette som ei minimumsløysing, og ikkje særleg framtidsretta. Alternativ 1, med nybygg til venstre.Foto: Asplan Viak
- Å fiksa opp tilbygget frå 2000 og laga to nye tilbygg i tillegg, eit til gamlebygget og eit til tilbygget frå 2000. Denne løysinga sørger for gode arbeidstilhøve for dei tilsette. Det nedslitne nabohuset i Austkroken 2 blir rive og erstatta av parkeringsplassar. Kapasiteten aukar òg noko, opp til 57 ungar. Areala for dei tilsette blir flytta ned til første etasje i gamlebygget. Kommunedirektøren si vurdering er at sjølv om dette er ei meir heilskapleg og funksjonell løysing, er det relativt høge kostnadar involvert, sett opp mot kor få nye plassar det blir. Alternativ to, med eit tilbygg ut frå det gamle skulebygget, og eit anna tilbygg ut frå tilbygget frå 2000.Foto: Asplan Viak
- Å bygga eit heilt nytt barnehagebygg på hjørnet av Parkvegen og Vestkroken. Nybygget blir bygd med loft, som skal brukast til teknisk rom. I så fall må det gamle tilbygget frå 2000 rivast. Det nye bygget vil ha 750 kvadratmeter bruksareal til ungane og 150 kvadratmeter til dei tilsette. Dette er ei løysing som aukar kapasiteten til minst 80 plassar. Gamlebygget frå 1912 kan brukast til temarom for kulturbarnehagen. Parkeringsplass i Austkroken 2. Denne løysinga inneber å riva Vestkroken 18 og bruka plassen til uteareal. Kommunedirektøren meiner dette er ei framtidsretta løysing, som òg kan styrka Breidablikk sitt særpreg som kulturbarnehage. Alternativ 3A, med nybygg på hjørnet av Parkvegen og Vestkroken.Foto: Asplan Viak
- Å bygga eit heilt nytt barnehagebygg som skildra over, men i to fulle etasjar. På den måten kan kapasiteten utvidast til 100 barn. Med så mange barn, trengst det plass til fleire tilsette. Dette kan løysast med å ta i bruk lokal i andre etasje på det gamle skulebygget. Dette er, ifølge kommunedirektøren, den mest framtidsretta og kostnadseffektive måten å utvida barnehagen på, men det er òg utfordringar. Ein av desse er estetikken, med ein to etasjars koloss tett inntil eit verna hus frå 1912. Alternativ 3B kan romma så mykje som 100 barn.Foto: Asplan Viak
Ville ikkje bestemma seg nå
Torsdag var moglegheitsstudien sak i kommunestyret. Fleire av politikarane som tok ordet, var tydelege på at dei hadde tatt imot signala frå kommunedirektøren om at fleire av dagens barnehagar er overmodne for utskifting – dette gjeld særleg modulbarnehagane – og at framtidas Hå-barnehagar bør vera større enn det dei er i dag.
Dei var òg opptatt av at dei tilsette skal ha skikkelege arbeidstilhøve, noko som òg er viktig for rekrutteringa.
Korleis Breidablikk kulturbarnehage passar inn i dette bildet, gjekk dei ikkje konkret inn på.
Leiaren i Utval for oppvekst og kultur, Jan Harald Forsmo (uavhengig) sa at dei står overfor val knyta til særpreg og effektiv drift
– Desse vala skal me ta til hausten, sa Forsmo og sikta til barnehagebruksplanen, som nok vil handla mykje om tilbod og kapasitet i dei ulike bygdene.
Geir Undheim (Frp) meinte det var fornuftig å venta med å ta ei avgjerd om Breidablikk.
– Det er bra at me kan ta ei avgjerd på eit best mogleg opplyst grunnlag, sa han.
Vegard Ask viste til at politikarane har diskutert Breidablikk kulturbarnehage i mange år allereie.
– Det er ein barnehage med mykje godt innhald og mykje godt personal, men med gammal og ganske krevjande bygningsmasse, sa han.
Ask meinte alle dei moglege løysningane var «ganske gode», utan at han ville konkludera med noko der og då.
– Eg vil understreka at behovet ved Breidablikk ikkje må vurderast isolert, men sjåast som ein del av den totale strukturen på Nærbø, så vil hausten visa kva slags løysning me går for.
Åtvara mot «fikling» med tidlegare vedtak
Ask slo fast at kommunen uansett står overfor store investeringar i barnehage og sa at det er viktig desse ikkje går ut over store investeringar som allereie er vedtatt.
Så vende han seg direkte til kommunedirektøren:
– Då tenker eg til dømes på Vigrestad skule.
– Det er viktig for oss å ikkje begynn å fikla med dei tinga me allereie har vedtatt, sa han.