Dei fleste som har gjort det, gløymer aldri kjensla av å for første gong flytta heimanfrå og bu for seg sjølv. Det kan vera skummelt, ja, men òg frigjerande – eit kjærkomme steg ut i vaksenlivet.

Denne våren var det endeleg Alexander Ueland sin tur – snart seks år etter at Jærbladet skreiv at han var på veg ut av guterommet på Bjorheim utanfor Varhaug.

– Det er godt å sleppa å tenka på at eg må skru ned lyden på TV-en og at eg kan invitera heim gjester utan å måtta tenka på om det passar for dei andre, seier Ueland.

Alexander Ueland under den offisielle opninga av Viervegen burettslag.
Alexander Ueland under den offisielle opninga av Viervegen burettslag. Foto: Foto: Håvard Ovesen

30-åringen er blant dei som nyleg kunne flytta inn etter å ha kjøpt leilegheit i Viervegen burettslag på Nærbø.

Ny trend

Viervegen burettslag er det første av sitt slag i Hå.

Burettslaget er tilpassa unge håbuar med funksjonshemmingar. Her er åtte leilegheiter med livsløpsstandard, ei stor fellesstove og ein stor personalbase med medisinrom, kontor, kjøkken, spiseplass og eit eige rom for nattevakta.

Sju av leilegheitene er eigde av unge håbuar med funksjonshemming og behov for oppfølging, medan den åttande er det kommunen som eig. Denne skal brukast til tilsette.

Det er kommunen som har bygd Viervegen burettslag med tilskot frå Husbanken. Dei unge håbuane som bur der, har sjølv betalt for eigne leilegheiter.
Det er kommunen som har bygd Viervegen burettslag med tilskot frå Husbanken. Dei unge håbuane som bur der, har sjølv betalt for eigne leilegheiter. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Denne forma for burettslag er ein relativt ny trend i Kommune-Noreg, men har raskt blitt populær. Grunnen til det er nok at det er gunstig for dei som skal bu der – ikkje berre får dei sin eigen heim, men fellesareala kan motverka einsemd, noko som har vore ei veksande utfordring i målgruppa etter HVPU-reforma – men òg at staten, gjennom Husbanken, har tatt ein god del av rekninga.

Brukte sparepengane sine

Dei unge bustadkjøparane har sjølv fått vera med og påverka utforminga av bygget og leilegheitene og har gjort tilval som dei sjølv tar rekninga for. I leilegheita til Alexander, til dømes, er det ei ekstra dør mellom badet og gangen, slik at gjester som er på besøk skal sleppa å gå gjennom soverommet hans for å bruka doen.

Leilegheita til Ueland ligg i første etasje. Med sine 62 kvadratmeter er ho den største i bygget. Derfor måtte han òg gje litt meir for ho: 2,2 millionar kroner.

– Eg betalte han sjølv med sparepengane mine. Eg har spart sidan eg var 18, fortel Ueland.

Vasken på badet til Alexander kan hevast og senkast, alt etter korleis han treng han. Vaskemaskinen står på sokkel, slik at det skal vera lett å komma til for ein som sit i rullestol.
Vasken på badet til Alexander kan hevast og senkast, alt etter korleis han treng han. Vaskemaskinen står på sokkel, slik at det skal vera lett å komma til for ein som sit i rullestol. Foto: Foto: Håvard Ovesen

30-åringen seier det kjennest godt å eiga sin eigen bustad, utan at han står i gjeld til banken.

Ueland, som har cerebral parese, sit i rullestol. Den nye leilegheita hans er spesialtilpassa dette. Til dømes kan både kjøkkenbenk og -skap heisast opp og ned, slik at han enkelt kjem til. Det same gjeld vasken på badet. Vaskemaskinen står på ein sokkel, slik at han blir enklare å betena frå rullestolen.

Til og med skjortene i klesskåpet kan hentast ut og inn ved å trykka på ein knapp.

– Det er eg veldig fornøgd med, seier Ueland.

Leilegheitene i burettslaget til Alexander er lyse, fine og opne.
Leilegheitene i burettslaget til Alexander er lyse, fine og opne. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Persiennene kan han heisa opp og ned med fjernkontroll. På same måte kan han opna og lukka dørene.

Alle leilegheitene har sitt eige uteområde. Dei i andre etasje har balkong, medan dei i første etasje har platting. Rundt hjørnet frå Ueland er det òg eit stort, felles uteområde.

– Ein heim er meir enn eit hus

Inne er det ei stor fellesstove for dei som bur der.

Så langt har ikkje Ueland vore av dei flittigaste brukarane av fellesstova, men han opnar for at nå vil det endra seg.

Då ordførar Andreas Bjorland (KrF) kom for å klippa snora under den offisielle opninga av burettslaget 17. juni, hadde han nemleg med seg gåver: Ein haug med brettspel til bruk i fellesstove.

– Ein heim er meir enn eit hus, sa Bjorland i talen sin føre ei stappfull fellesstove.

Ordføraren hadde brukt litt tid på å tenka på kva som var ein heim for han.

– Det er ein plass der eg kjenner meg trygg, der eg finn ro, det er ein plass der eg kan invitera vennar og ha fest. Det er ein plass som er min, sa han.

Andreas Bjorland klipper snora under opninga av Viervegen burettslag. Til å hjelpa seg har han Solveig Hovda (t.v) og Tanja Qvalbein.
Andreas Bjorland klipper snora under opninga av Viervegen burettslag. Til å hjelpa seg har han Solveig Hovda (t.v) og Tanja Qvalbein. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han poengterte at det dei unge håbuane som har flytta inn i det nye burettslaget på Nærbø faktisk har fått meir enn ein heim:

– De har fått eit fellesskap, sa Bjorland og overleverte brettspela som skal ligga i fellesstova.

Ulike burettslag av denne typen løyser spørsmålet om fellesareal ulikt, men i Viervegen er det kommunen som har kjøpt stova. Det har vore med på å gjera prisen på leilegheitene lågare.

Heimekjære allereie

Solveig Hovda (21) seier til Jærbladet at fellesstova er koseleg.

Ho kan rapportera at ho har gode vennar blant dei som bur der.

Hovda innrømmer at ho var litt spent i forkant av flyttinga.

– Men etter at me blei litt meir kjent, slepp eg å vera så uroleg for det, seier ho.

Slik ser det ut på Alexander Ueland sitt soverom i Viervegen burettslag.
Slik ser det ut på Alexander Ueland sitt soverom i Viervegen burettslag. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Tanja Qvalbein er 24 år. Fram til ho flytta inn i Viervegen 1. mai i år, budde ho heime hjå mor og far på Brusand.

– Her kan eg vera i lag med vennane mine, seier ho til Jærbladet.

Emil Paulsen (25) synest det er herleg med ro og fred. Her kan han sjølv bestemma nå han skal sjå fotball på TV. Og sjølv om han har flytta heimanfrå, kan han jo ha far og mor på besøk.

– Dei har vore her fleire gonger allereie, fortel han.

Far Sveinung Paulsen er blant dei som har komme for å vera med på feiringa.

– Det er litt spesielt. Emil har venta på dette i fem år. Han har gleda seg veldig, seier han.

Andreas Bjorland (t.v) og Emil Paulsen koste seg under opningsfesten. Sistnemnde har fått gangavstand til jobben på Rema 1000.
Andreas Bjorland (t.v) og Emil Paulsen koste seg under opningsfesten. Sistnemnde har fått gangavstand til jobben på Rema 1000. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Faren fortel at det er så vidt Emil kjem heim på besøk eller vil vera med på hytta lenger.

– Han vil helst heim til pizza i fellesstova på laurdagskvelden. Det er tydeleg at det er dette som er heimen, seier Sveinung Paulsen og smiler.

Foreldreinitiativ

Burettslaget starta som eit initiativ blant foreldre som ville at barna deira skulle få høve til å eiga noko for seg sjølv, heller enn å betala leige for ein kommunal bustad. Det er ti år sidan nå.

Vegen fram har vore kronglete. Covid-19-pandemien og kapasitetsproblem i kommuneadministrasjonen gjekk ut over framdrifta. Tvil rundt forventa tilskot frå Husbanken gjorde òg sitt til å forseinka prosjektet.

I 2023, då kommunedirektøren føreslo å utsetta bygginga med endå eit år, sette politikarane til slutt foten ned.

– Etter det begynte ting å skje, fortel Jonny Ueland.

Jonny Ueland er blant foreldra som kjempa for eit eige burettslag for unge personsar med funksjonshemming i Hå.
Jonny Ueland er blant foreldra som kjempa for eit eige burettslag for unge personsar med funksjonshemming i Hå. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han er far til Alexander og ein av dei med lengst fartstid i foreldreinitiativet.

Saman med Terje Njærheim har han, på vegner av foreldra, tatt på seg ansvaret for det tekniske. Dei to har blant anna jobba mykje med å henta inn erfaringar frå andre burettslag av same type for å læra noko om kva som verkar og ikkje.

Desse erfaringane har dei spelt vidare til kommunen, som dei opplever har vore lydhøyr.

– Det har blitt kjempebra. Både kommune og byggherre kan vera veldig stolte, seier dei.