Brynhild Grødeland flytta heimefrå allereie då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Sidan har ho budd ei lang rekke stader.

Kautokeino, Dombås og Göteborg er berre tre av dei.

Dei siste 13 åra har ho budd i Bergen.

Vendepunktet kom for nokre år sidan.

Heimsyn

Grødeland, som er kunstnar på heiltid, var i Hardanger for å førebu ei utstilling.

Ho stod nede ved Hardangerfjorden, i fjæra, då ho merka at noko ikkje var som det skulle.

Vinden blåste kraftig, men sjøen hang ikkje med.

– Det var berre bittesmå bølger. Det var så vidt dei skvulpa over føtene, fortel Grødeland.

Brynhild Grødeland har funne seg husvære på Nærbø. På veggane har ho eigen kunst. Den skal sendast vidare på ny utstilling, så rammene er framleis pakka i beskyttande plast.
Brynhild Grødeland har funne seg husvære på Nærbø. På veggane har ho eigen kunst. Den skal sendast vidare på ny utstilling, så rammene er framleis pakka i beskyttande plast. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For første gong i sitt liv kjende Grødeland, som er oppvaksen med jærhavet som næraste nabo, på heimlengt.

Utstillinga fekk namnet Heimsyn.

Her stilte ho blant anna ut ei teikning, utført i blyant og tusj – Grødeland, som teiknar med begge hender, bruker høgre til blyant og venstre til tusj – av imponerande dimensjonar: 3 meter høg og over 34 meter brei.

Teikninga tok utgangspunkt i den plutselege kjensla hennar av heimlengt. I teikninga finn ein alt frå helleristingar og hardingfeler til Ivar Aasen, svingete vestlandsvegar, ulvar og elg, fjell, tre og sjø.

Omtrent midt på hadde ho hengt ein innramma teikning, hennar eigen versjon av Tidemann & Gude sitt maleri Brudeferd i Hardanger. Teikninga, der ho for sikkerheits skuld hadde skrive KOPI med store, raude bokstavar, var utstyrt med reflekterande glas, slik at dei som kikka på det, såg seg sjølv som ein del av ekkoet etter sjølve symbolet på norsk nasjonalromantikk.

– Teikninga handlar om kulturell tilhøyrsle og mykje anna som eg tenkte på då eg laga ho, fortel Grødeland.

Arven frå valkyrjene

Ein sentral figur i denne teikninga, er ei godt vaksen og bebrilla valkyrje til hest, med spyd i eine handa og skjold i den andre.

– Det er farmor, seier Grødeland og smiler.

Grødeland si farmor fekk rolla som valkyrje i den store teikninga ho laga til utstillinga Heimsyn for eit par år sidan. Dette er berre eit utsnitt av teikninga, som blei tre meter høg og trettifire og ein halv meter brei.
Grødeland si farmor fekk rolla som valkyrje i den store teikninga ho laga til utstillinga Heimsyn for eit par år sidan. Dette er berre eit utsnitt av teikninga, som blei tre meter høg og trettifire og ein halv meter brei. Foto: Foto: Brynhild Grødeland Winther

Ifølge norrøn mytologi hadde valkyrjene tilhald i Valhall. Dei var tett knyta til Odin og hadde makt over død, tap og siger i slag. Det var valkyrjene som valde ut og henta krigarar som falt i kamp.

Valkyrje blei òg brukt som nemning på kvinnelege krigarar.

Grødeland, som har sjølv har namn etter ei av dei fremste valkyrjene i norrøn mytologi, har laga fleire teikningar av dottera si som valkyrje.

– Eg vil visa at me ikkje treng å godta avgrensingar ut frå kjønn. Når unge menn på internett begynner å tvila på at kvinner bør ha røysterett, er det viktig å trekka fram denne kulturarven, seier kunstnaren.

Då Grødeland jobba med utstillinga i Hardanger, visste ho framleis ikkje at ho skulle flytta heim.

Det tok eit par år til før det skjedde, men i mai i år, i kjølvatnet av eit samlivsbrot, flytta ho og den då 14 månadar gamle dottera til Nærbø.

Det er omtrent så nær heim det går an å komma for Grødeland som vaks opp på gard på Grødaland i Hå.

– Det kjennest godt å kjenna vinden igjen, seier ho og ler.

Heimeverande husmor med full jobb

Dette er ei av teikningane Grødeland har laga som del av samarbeidet med Burning Pigeons. Her dukkar igjen dottera opp som valkyrje.
Dette er ei av teikningane Grødeland har laga som del av samarbeidet med Burning Pigeons. Her dukkar igjen dottera opp som valkyrje. Foto: Foto: Andreas Dyrdal

Kunstnaren er spend på om eller korleis dei nye omgjevnadane kjem til å prega arbeidet hennar i tida framover.

Det ho veit, er at ho gjerne vil jobba vidare med valkyrjer. I tillegg har ho ein tanke om å skriva barnebok.

– Dette er kanskje noko som lar seg kombinera?

– Det er mogleg. Me får sjå.

Ho teiknar medan dottera søv. Er dottera vaken, hender det at dei to sit ved bordet og teiknar saman. Dottera bidreg førebels mest med nokre enkle strekar og krusedullar, men har ho vore med på ei teikning, signerer Grødeland gjerne for to.

– Eg er heimeverande husmor med full jobb ved sida av. Det er ikkje mange som har den kombinasjonen, men når du er kunstnar, går det an, seier ho.

Teikning er betre enn ord

Kan henda er det ikkje akkurat heimstadteikning, men Grødeland merkar seg at når ho teiknar nå for tida, dukkar det stadig opp fleire lokale element, viper, traktorar og jærhus, ja, til og med ein og annan gammal Brøyt.

– Eg tenker mykje på kultur for tida. Mange tenker at natur og kultur er motsetnadar, men eg meiner at kulturen heller må vera mennesket sin dialog i kulturen, begynner Grødeland.

Følegeleg, meiner ho, bør handlingar i kulturen vera ein del av naturen.

Brynhild Grødeland Winther ved teiknebordet.
Brynhild Grødeland Winther ved teiknebordet. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Her fell Jærbladet av resonnementet. Grødeland gjer sit beste, men slit med å gjera det klart kva ho meiner.

Ho begynner å le.

– Det er derfor eg teikner. Hadde eg klart å seia alt med ord, ville det ikkje lenger vore meining i teikninga mi.

Kunstnaren vaks sjølv opp i skjeringspunktet mellom kultur og natur.

På Grødaland er det flotte kjelver, gamle myrlandskap som nå er landbruksjord og ein skog som blei planta på 1960-1970-talet. Men i vest ligg det mektige jærhavet. Der det treff land, ligg rullesteinane det har forma. Over det heile blæs vinden.

Frå den nye heimen på Nærbø treng Grødeland berre å gå rett ut døra før ho treff på næraste kjelve. Kikkar ho seg rundt på Jæren, finn ho seg i eit landskap mennesket i stor grad har forma sjølv, anten det er snakk om gravhaugar frå jernaldaren eller myrer som har blitt grøfta opp og reinska for stein i nyare tid.

Dette er noko som går igjen i teikningane hennar.

– Sjølv om mennesker og det menneskelege er hovudmotiv, handlar det likevel mest om naturen, seier ho.

Visuelle bråkebøtter

Til hausten ventar utstillinga «Bitchcraft» i Gyldenpris kunsthall i Bergen. Det er ei utstilling ho skal ha saman med Stavanger-kunstnaren Natasja Askelund.

Dei to kunstnarane har funne tonen etter at Askelund først inviterte Grødeland med på ei gruppeutstilling i Stavanger for fem år sidan.

– Me har ikkje ein felles tematikk, men me er begge visuelle bråkebøtter. Det er mykje som skjer i det me lagar. Du skulle kanskje tru at verka våre då ville slå kvarandre i hel, men det har ikkje skjedd. I staden oppstår ting som me ikkje hadde sett føre oss på førehand, seier Grødeland.

Grødeland har ein stil som er lett å kjenna igjen, prega av assosiasjonar og innfall undervegs.
Grødeland har ein stil som er lett å kjenna igjen, prega av assosiasjonar og innfall undervegs. Foto: Foto: Brynhild Grødeland Winther

I det siste har Grødeland innleia eit samarbeid med Stavanger-gruppa Burning Pigeons, som består av Oliver Hohlbrügger, Arthur Berning og Børge Fjordheim. Det har ført til ein heilt ny måte å jobba på.

– Dei speler inn musikk saman og sender han til meg. Så høyrer eg på han når eg teiknar og sender dei teikningar tilbake. Så tar dei igjen utgangspunkt i teikningane når dei lagar ny musikk. Så sender dei han til meg og eg lagar nye teikningar, fortel ho.

Trioen kjem snart med plate. Omslaget er det Grødeland som har teikna.