Jubelen og klemmene satt løst på Bekkis da Norge og Erling Braut Haaland slo Brasil.
Jubelen og klemmene satt løst på Bekkis da Norge og Erling Braut Haaland slo Brasil. Foto: Anette Ronæss

Eg er ikkje den som alltid har visst kven som ligg øvst på tabellen. Eg kjem frå Time, er stolt jærbu, og fotball har lenge for meg vore noko som skjedde litt i bakgrunnen. Men så skjedde det noko. Ein jærbu byrja å skriva historie.

Plutseleg sat eg framføre skjermen og kjende på nervane. Eg byrja å følgja med. Eg fekk fotballfeber. Eg heia på Erling Braut Haaland, på landslaget og på Noreg. Samstundes oppdaga eg noko som er mykje større enn sjølve spelet. For fotball handlar ikkje berre om mål og resultat. Fotball handlar om fellesskap.

Me lever i ei tid der mykje uro pregar kvardagen. Krig og konflikt fyller nyheitsbiletet. Mange kjenner på dyrtida. Ungdom ventar spent på svar om studieplass. Andre er urolege for jobb, økonomi eller kva framtida vil bringa. Difor betyr det noko når eit heilt folk samlar seg om det same.

Når familiar samlast i sofaen. Når vener møtest framfor skjermen. Når ungar diskuterer laguttaket i klasserommet. Når folk fyller pubar og tribunar. Når naboar som elles knapt helsar på kvarandre, plutseleg jublar saman. Det er noko utruleg vakkert over det. I nokre timar legg me vekk mykje av det som skil oss. Politikk. Bakgrunn. Kvardagsstress. Då er me berre eitt lag. Då er me berre Noreg.

Kanskje kjenner me på det ekstra sterkt akkurat no. For det er ikkje berre landslaget som har gitt oss noko å samlast om. Det er også historia om ein gut frå Bryne som har vist at det går an å drøyma stort.

For oss jærbuar er det sjølvsagt ekstra stas. Det er noko eige ved å sjå ein av våre stå på den største scena i verda. Ein som ikkje har gløymt kvar han kjem frå.

For når Noreg vinn, vinn ikkje berre elleve spelarar ute på banen.

Då vinn også alle dei som har stått på sidelinja. Foreldre som har køyrt til trening i regn og vind. Frivillige som har steikt vaflar. Trenarar som har brukt kveldane sine på ungar og ungdom. Dei små klubbane som gir barn og unge ein plass å høyra til. På ein måte vinn heile Noreg.

For suksess kjem ikkje av éin spelar åleine. Ho kjem frå folk som stiller opp for kvarandre. Frå fellesskap, dugnad og tru på kverandre. Frå små lokalsamfunn i bygdene til større i sentrum av Bryne, som investerer tid, engasjement og omsorg i neste generasjon. Det er verdiar me kjenner godt her på Jæren.

Kanskje er det derfor så mange ønskjer å samlast når landslaget spelar. På Bryne stadion, i stova heime, på puben eller hos gode vener. Ikkje berre for å sjå ein fotballkamp, men for å oppleva noko saman.

For det er noko eige med å dela slike augeblinkar. Å kjenna spenninga i lag. Å jubla i lag. Å halda pusten i lag. Det er ikkje så mange ting att som klarer å samla folk på den måten.

Og akkurat no trur eg me treng det.

Me treng møteplassane. Me treng dei gode historiene. Me treng å bli minna på at me har meir som bind oss saman enn som skil oss. Denne sommaren har fotballen gjort nettopp det. Han har gitt oss noko å gle oss til, noko å snakka om og noko å samlast rundt.

For uansett korleis kampen på laurdag enda, kjem eg til å hugsa denne sommaren. Eg kjem til å hugsa korleis eit lite land samla seg rundt det same flagget, det same laget og den same draumen. Eg kjem til å hugsa korleis ein jærbu fekk oss til å tru litt ekstra, håpa litt meir og heia litt høgare.

Og eg kjem til å hugsa kor godt det kjendes å vera både jærbu og nordmann.