– Nokon må seia frå.
Det seier Håvard Skrettingland.
Han bur i Stasjonsvegen 26 i Varhaug sentrum. Dermed er han næraste nabo til bufellesskapet for folk over 55 år som er planlagt på tomta til det gamle handelslaget.
På vegner av dei som bur i blokka, har Skrettingland, som er styreleiar i sameiget, engasjert seg.
– Eg vil først seia at det er flotte bygg Vilbo har teikna – dei ligg berre feil til, seier han.
Vilbo sitt bufellesskap på Varhaug skal bestå av to seks etasjar høge kopla saman av eit lågare bygg med fellesareal. Målet er å bygga rundt 50 leilegheiter som er lettstelte og universelt utforma. Store fellesareal og kollektive løysingar skal motverka einsemd og hjelpa folk å bu heime etter kvart som dei blir eldre.
Valløfte
Ønsket om bufellesskap for seniorar i Hå er ei realisering av eit lokalt valløfte, fronta av blant anna Kristeleg Folkeparti, i forkant av førre kommuneval. Vilbo, som er eit samarbeid mellom eigedomsutviklarane i Ineo og arkitektane i Helen & Hard, har fått kjøpa eigedommar av kommunen for å bygga bufellesskap på Nærbø og på Varhaug.
På Varhaug var det opphavleg meininga å bruka den såkalla «Ingridtomta» som ligg på hjørnet av Dysjalandsvegen og Uelandsgata til formålet, men dette blei seinare endra til den gamle handelslagstomta.
I mange år stod det eit forfalle kjøpesenter der, men i 2022 blei dette rive. Etter kvart kom det ein mellombels park på tomta. Denne har mange varhaugbuar blitt veldig glade i, noko som nok har vore med på å auka skepsisen til dei nye planane for sentrum.
Her er planen for det nye park- og uteområdet på Varhaug. Sameiget i Stasjonsvegen 26, som ligg på nordsida av området, føreslår å heller legga bufellesskapet, her teikna inn som kvite rektangel, langs Stasjonsvegen i aust.Foto: Aros Arkitekter Vil ha punkthus langs Stasjonsvegen
Skrettingland understrekar at han er innforstått med at bufellesskapet kjem og at parken, slik han er i dag, skal vekk.
– Det var heile tida ein føresetnad, seier han.
Det er sjølve plasseringa han er ueinig med.
Han meiner blokkene bør leggast langs Stasjonsvegen. På den måten vil dei gje uteområdet i sentrum livd mot vind frå sør- og nordaust og dempa støyen frå jernbanen.
– Bruken av området vil bli endå betre. Me vil få eit heilt anna sentrum enn det som nå blir lagt opp til, seier han.
Då kommunen og utbyggarane bad om innspel i samband med planoppstarten, kom det inn fleire tilbakemeldingar om at bufellesskapet burde leggast på ei anna tomt.
I merknadsheftet avviser kommunedirektøren at dette er aktuelt, blant anna fordi tomtevalet har blitt avgjort gjennom fleire politiske rundar.
– Rammar uteområdet
Når sameiget Stasjonsvegen nå føreslår at plasseringa bør komma på austsida av tomta, er det ikkje berre for å gje livd til det som har blitt ein møteplass i sentrum.
For sameiget er også noko anna i spel: Uteområdet deira. Historia om dette er lang og komplisert – reint formelt kom ikkje uteområdet på plass før nå i sommar – men i korte trekk er det slik at blokka har rett på eit 450 kvadratmeter stort på den gamle handelslagstomta.
Problemet, seier Skrettingland, er at forslaget til ny detaljregulering for området ikkje tar nok omsyn til naboane sitt uteområde.
For det første, meiner han, er området for lite.
– Dei reknar området framfor inngangen til pizzarestauranten for eit uteområde. Eg har aldri høyrt at den typen område kan kategoriserast på den måten før, seier Skrettingland.
For det andre vil uteområdet bokstavleg talt hamna i skuggen. Kjem det to blokker framfor uteområdet, vil desse gjera at uteopphaldsområdet ikkje lenger vil oppfylla krava til sol på felles uteopphaldsområde.
Kommunen si vurdering er at det er rom for å gje unntak frå desse kravet, om ein ser området under eitt saman med parkområdet som skal ligga mellom bufellesskapet og Rådhusgata.
Skrettingland deler ikkje den vurderinga.
– Området framfor blokkene blir privatisert. Det vil vera unaturleg for oss i Stasjonsvegen 26 å gå rundt blokkene og setta oss i hagen deira. Ved å legga blokkene langs Stasjonsvegen blir det meir open plass det vil vera naturleg å opphalda seg på, seier han.
Overraska over å ikkje bli høyrd
Dessutan, meiner han, vil planane som ligg føre gjera uteopphaldsområdet, som då blir liggande mellom det gamle kraftfôrlageret og dei nye blokkene, til eit skikkeleg vindhòl.
At uteområdet deira skal vera mindre enn det som er avtalt, meiner sameiget, er i konflikt med både naboloven og plan- og bygningsloven.
Skrettingland seier han er forundra over at dei folkevalde ikkje har lytta meir til skepsisen frå naboar og næringsliv.
Han hevdar at ingen av dei i sentrum som blir råka av planane, er positive, korkje til punkthusa eller forslaget om einvegskøyring i sentrum.
– Innkomne merknadar og over 400 underskrifter bør vel bety noko? Kan henda er det for lite representantar frå Varhaug, undrar han.
Kommunen er open for drøfting
Ivar Isdal, som er prosjektutviklar i Vilbo, seier det er kommunen som er planmynde i saka.
– Det er Hå kommune som er regulerer tomta. Me har komme med innspel, men det er dei som styrer prosessen og har siste ordet, seier han.
For ytterlegare kommentarar viser Isdal derfor vidare til plansjefen i Hå, Ole von Erpecom Vikse.
Vikse skriv i ein e-post til Jærbladet at kommunen har vurdert å snu bufellesskapet ut mot Stasjonsvegen, men at det då vil komma for tett på bygget der Varhaug Stasjons Pizza & Grill ligg i dag.
I sentrumsplanen for Varhaug ligg det dessutan inne ein ny undergang under jernbanen. Ifølge Vikse vil flytting av bufellesskapet ut mot Stasjonsvegen stå i vegen for denne.
– Skrettingland meiner at om reguleringsplanen blir vedtatt slik han er føreslått, blir uteopphaldsområdet til Stasjonsvegen 26 for lite. Korleis vil du kommentera dette?
– Planen sikrar dei 450 kvadratmeterane uteopphaldsareal sameiget har krav på. Planen indikerer plassering, men ikkje endeleg utstrekning og utforming av arealet.
Vikse legg til at kommunen er open for å drøfta utforminga med sameiget.
– Planen gjev rom for at dette kan løysast i byggesaka, skriv han.
– Skrettingland reagerer på at uteopphaldsarealet som er teikna inn, inkluderer inngangspartiet til pizzarestauranten. Han meiner dette ikkje er eit reelt uteopphaldsområde?
– Plankartet indikerer at delar av uteopphaldsarealet ligg i gangsona framfor pizzarestauranten. Slik var det òg med sameiget sitt gamle uteopphaldsareal, som låg framfor inngangen til det tidlegare handelslaget. I sentrumsområde er det vanleg at areal er multifunksjonelle og dermed kan brukast som gangsone samtidig som det er ein del av uteopphaldsarealet.
Vikse skriv vidare at endeleg utforming og utstrekning skal avklarast nærare i byggesaka.
Om sameiget si uro for sol- og lysforholda ved uteopphaldsarealet, skriv Vikse at kommunen har vurdert forholda for heile området samla og meiner at det totalt sett gjev gode solforhold, med areal tilgjengeleg òg når delar ligg i skuggen.
– Å sjå slike forhold under eitt er ein heilt vanleg måte å gjera det på i reguleringsplanar og ikkje noko som er spesielt for dette prosjektet. Det nye torget og arealet sør for bufellesskapet skal opparbeidast og framstå som ope og tilgjengeleg for alle.
Ordføraren: – Konstruktivt
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) gjev Skrettingland og dei andre i Stasjonsvegen 26 skryt for å engasjera seg på ein konstruktiv måte.
Han seier utforminga av uteområdet og Varhaug sentrum generelt er viktig.
– Ut frå skissene som ligg føre ser me at me kjem til å få eit stort og levande torg med mykje grønt. Det blir eit løft for Varhaug. Og så går det alltid an å sjå på korleis du kan optimalisera og få den endå betre. At det kjem fleire forslag tidleg i prosessen synest eg er positivt, seier Bjorland.
Neste gong planane kjem til politisk behandling, vil innspelet frå sameiget vera blant tinga som skal diskuterast, saman med andre innspel, både frå andre innbyggarar og overordna styresmakter. I tillegg kjem administrasjonen sine faglege vurderingar.
– Me må ta omsyn til alt dette og sjå det samla før me kan konkludera, seier Bjorland.
Ordføraren seier det ikkje er tvil om at prosessen har skapt stort engasjement på Varhaug.
– Men det har ikkje vore eintydig, understrekar han.
Han har fått med seg kampanjen som samla over 400 underskrifter mot bygging der den mellombelse parken ligg i dag, men seier kommunen òg har fått høyra frå mange varhaugbuar som ser positivt på planane som ligg føre og meiner det kan verta eit løft for bygda.
– Me må ta ei samla vurdering, seier han.
– Skrettingland uroar seg for om det er for få politikarar frå Varhaug?
– Eg opplever at dei som bur på Nærbø er like opptatt av det som skjer på Varhaug som det som skjer på Nærbø og at dei som bur i Sirevåg er like opptatt av det som skjer på Nærbø som på Varhaug og så vidare. Det er eg glad for. Eg er så glad me er ferdige med den tida der det var ein representant for ein plass som var talerøyr for korleis utviklinga der skulle vera. Eg er sikker på at interessene på Varhaug skal blir godt tatt i vare.