Slik kan bufellesskapet på hjørnet av Torggata og Dalvegen komma til å sjå ut. Parkeringsanlegget ligg på baksida, med lokk over.
Slik kan bufellesskapet på hjørnet av Torggata og Dalvegen komma til å sjå ut. Parkeringsanlegget ligg på baksida, med lokk over. Foto: Helen & Hard

Politikarane som styrer i Hå er i full gang med å innfri eit av dei mest sentrale løfta frå førre valkamp: Å bygga bufellesskap for folk over 55 år. Tanken er å gjera det lett for folk å halda seg friske og bu heime lenger etter kvart som dei blir eldre.

Sjølve bufellesskapa er det ikkje kommunen, men firmaet Vilbo som skal bygga. Det kommunen gjer, er å legga til rette. Det har dei gjort blant anna ved å selja tomter til formålet.

På Varhaug skal Vilbo bygga på den gamle handelslagstomta midt i sentrum.

Mellom 40 og 50 bueiningar

På Nærbø skal bufellesskapet byggast i Skjærpedalen, på hjørnet av Torggata og Dalvegen, rett ovafor biblioteket.

Skal det byggast ut, trengst det ny detaljregulering ikkje berre for tomta, men for området rundt. Denne er nå ute på høyring.

Nå inviterer kommunen til informasjonsmøte om planane på Nærbø.

Dei ber òg innbyggarane komma med innspel.

– Korleis kan området bli ein positiv tilvekst til nabolaget? Og korleis kan me leggja til rette for at det blir ein god stad å bli gammal i? spør kommuneadministrasjonen i invitasjonen.

Målet er å ha ein ferdig vedtatt plan i løpet av hausten.

Forslaget som nå er ute på høyring, opnar opp for at bufellesskapet kan byggast som to fire til seks etasjar høge , knyta saman av eit bygg som skal romma fellesrom. Totalt skal det bli plass til mellom 40 og 50 bueiningar.

På sørsida, ut mot Dalvegen, er det lagt opp til store fellesareal, med solvegg, sansehage, pergola og drivhus.

Skeptisk til parkeringsløysing

Vilbo satsar på ei ordning med bildeling, men det blir òg lagt opp til private parkeringsplassar til dei som skal bu i punkthusa. Parkeringa deira skal anten komma under blokkene eller på området mellom parkeringsplassen til Torgsenteret og Jadarvegen. I det siste alternativet er det lagt opp til parkering anten på eller under terrenget.

At Torgsenteret sin parkeringsplass kan bli tilkomst for parkeringsplassen til bufellesskapet, gjorde Håkon Kvia (Frp) skeptisk då planen blei presentert for Utval for samfunn i april.

Han skildra dagens parkeringssituasjon som tidvis kaotisk når det er travelt.

– Plussar du på ekstra trafikk inn og ut, kan det bli eit problem, meinte Kvia.

I diskusjonen under utvalsmøtet kom det òg fram at Torgsenteret skal ha planar om å bygga eit eige parkeringshus, noko som i så fall vil endra parkeringssituasjonen.

Bufellesskapet si parkering, om ho ikkje kjem under blokka, skal som nemnt ligga mellom Torgsenteret si parkering og Jadarvegen. I så fall skal ho byggast med lokk, slik det og kjem fram på teikninga over.

Lokket vil ligga på høgde med Jadarvegen. Her opnar planen for uteopphaldsareal, buer, parkeringsbygg eller liknande. Avhengig av kva som skjer ved Torgsenteret, opnar planen òg for at det i framtida kan komma eit fire etasjar høgt bygg her.

Planen opnar opp for at bufellesskapet si gjesteparkering kan komma på parkeringsplassen utanfor Jadarheim.

Høyringsfristen går ut 21. juni. Informasjonsmøtet finn stad på Hå bibliotek onsdag 10. juni klokka 18.

Vilbo jobbar òg med å bygga eit tilsvarande bufellesskap på Sporafjell i Klepp.