Tilgangen på næringsareal i Hå kommune er ikkje så god som han var. Særleg gjeld dette nord i kommunen, der det i framtida først og fremst må satsast på fortetting og der næringsverksemder som fører mange arbeidsplassar med seg må prioriterast høgast.
Meir plasskrevjande næring må lenger sør, til Skoga utanfor Sirevåg. Her er det framleis plass, sjølv om det minkar.
Det er bakgrunnen for at kommunestyret i Hå torsdag sa ja til å løysa inn avtalar med tre grunneigarar på Skoga.
Totalt er det snakk om å kjøpa 50,3 dekar som ligg på austsida av dagens industri på Skoga.
Grunneigarane får 450 kroner per kvadratmeter.
Tanken er at kommunen skal kunna ha areal til å selja vidare til næringsliv som vil til Skoga.
– Mykje på gang
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) sa at det er mykje på gang i Sirevåg. Ein av tinga som er på gang, er eit landbasert lakseoppdrettsanlegg – ei investering verdt over to milliardar kroner.
– Med synergiane som kjem frå det, er det kjempeviktig at det er nye areal klar når dei etablerer seg, sa Bjorland.
Før tomtene eventuelt kan vidareseljast, må kommunen planera dei og få på plass nødvendig infrastruktur.
Det aktuelle området er allereie regulert til industri og næring. Det har tidlegare vore snakk om å etablera eit biogassanlegg her, men Skoga nord har segla opp som ei betre eigna plassering, utan at noko er endeleg avgjort.
Ein annan aktør er interessert i å etablera eit reinseanlegg for masser. Det er uklart om dette kan enda opp på Skoga eller i Skoga nord.
Ove Unhammer (INp) lurte på om arealet dei nå var i ferd med å kjøpa kunne enda opp som lagerseksjonar, men fekk til svar at det kan dei ikkje. Eit initiativ frå Svein Høyland (Sp) har ført til at formannskapet, i alle fall inntil vidare, seier nei til å selja til aktørar som vil bygga lagerseksjonar.
Kritikarar meiner lagerseksjonar tar opp næringsareal, utan å generera arbeidsplassar.
Kjøper frå varaordføraren sin onkel
Ein av grunneigarane som nå sel eigedom til Hå kommune er Terje Nygård. Han er onkel til varaordførar Svein Arve Nygård (Frp). Kommunestyret måtte derfor diskutera om dette gjorde Nygård ugild, men kom fram til at det var han ikkje.
Den opphavlege planen var å kjøpa desse næringseigedommane gradvis, men nå blir alt kjøpt på ein gong. Det skjer blant anna fordi kommunen vil unngå at grunneigarane skal få skattemessige ulemper av avtalen dei har gjort med kommunen.