Det har i løpet av hausten storma mykje rundt reguleringsplanen som nå er under utarbeiding på Skoga utanfor Sirevåg. Planen skal legga til rette for etableringa av eit biogassanlegg på næringsområdet.
Fleire er skeptiske til planane, deriblant næringsaktørar som i dag held til på Skoga og som vil verta nære naboar av anlegget om det vert realisert.
Det er det norske firmaet Havila Biogass som vil bygga biogassanlegget på Skoga. Anlegget er planlagt med ein kapasitet på 300.000 tonn husdyrgjødsel i året.
Alternativ lokalisering
Overfor kommunen skal Havila ikkje ha utelukka at det kan vera aktuelt å sjå på andre lokaliseringar om det gjer det enklare for det lokale næringslivet.
Det opplyste utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) under eit møte i Utval for samfunn 11. desember.
Han sa òg at ordføraren og varaordføraren skal ha vore i møte med enkelte av dei næringsdrivande på Skoga som hadde komme med negative innspel i forkant av at eit nytt planprogram for Skoga vart vedtatt tidlegare i år.
– Då fekk dei spørsmål om det kunne vera meir positivt for dei om me òg såg på moglegheitene for å regulera for biogass på Skoga nord, fortalde Ånestad.
Utvalsleiaren la deretter fram eit forslag om å be kommunedirektøren vurdera ei plassering av biogassanlegget i områdeplanen for Skoga nord i samband med saka som går føre seg rundt områdeplanen for Skoga.
Det betyr at dei nødvendige utgreiingane i saka òg skal omfatta Skoga nord-lokaliseringa.
– Me tar innspela som har komme frå næringslivet, ser på dei, vurderer begge og går eit skritt vidare. Me ser dei opp mot einannan, sa Ånestad.
Forslaget vart samrøystes vedtatt.
Vil ha ny rundkøyring
I diskusjonen som oppstod i forkant, lurte Geir Undheim (Frp) om det finst moglegheit for å etablera ei ny rundkøyring og avkøyring til området frå Nylund.
Frå plansjef Ole von Erpecom Vikse fekk han til svar at det kan verta vanskeleg, men at administrasjonen uansett vil sjå på det.
Knut Åge Gjerstad (Sp) og Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) markerte seg òg som tilhengarar av ei alternativ innkøyring, blant anna ut frå smittevernomsyn, eit tema som har vore særs viktig for Sirevåg Rugeri, som er ei av naboane til den planlagte biogassfabrikken.
Utvalsleiar Ånestad (KrF) sa at smittevern er ein del av konsekvensutgreiinga og at spørsmålet vil komma opp der.
– Det er ein god ting at me tar ein runde til og ser på dette, sa han.
Neppe aktuelt andre plassar
Enkelte av dei som er skeptiske til eit biogassanlegg på Skoga har spelt inn andre plasseringar.
Jærbladet har snakka med fleire som meiner Kalsvarden eller Småhaugane utanfor Vigrestad bør vera vel så aktuelt.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) seier til avisa at det ikkje er så enkelt.
– Kalsvarden er eit landbruk-, natur- og friluftsområde. Det er sett av til pelsdyrbruk, men det er eit LNF-område. Ingenting anna enn landbruk er lov der, seier han.
Han fortel at kommunen på bakgrunn av innspela som har komme, har lufta tanken om Kalsvarden overfor Statsforvaltaren i Rogaland.
– Dei er heilt avvisande til at me skal etablera eit nytt industriområde på Kalsvarden, seier han.
Det området som kunne vore aktuelt på Småhaugane utanfor Vigrestad er i privat eige.
I dag er det eit avfallshandteringsanlegg der. Eit eventuelt biogassanlegg vil krevja omregulering.
– Det me har vorte møtte på av Statsforvaltaren, er at me skal legga biogassanlegget på eit industriområde. Då er det avstanden mellom biogassanlegga som skal vera avgjerande. På Småhaugane begynner du å komma nærare Grødaland, samanlikna med Skoga og Skoga nord. Det som er viktig, er å avgrensa gjødseltransporten så mykje som mogleg, seier Bjorland.