Bodvar Vold (H) var ikkje heilt komfortabel med forslaget han sjølv la fram då Utval for samfunn nyleg diskuterte plassering av eit planlagt biogassanlegg sør i Hå.
Bodvar Vold (H) var ikkje heilt komfortabel med forslaget han sjølv la fram då Utval for samfunn nyleg diskuterte plassering av eit planlagt biogassanlegg sør i Hå. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Diskusjonen om kva plassering som er best for eit planlagt biogassanlegg sør i Hå kommune blei så komplisert at leiaren i Utval for samfunn på eit tidspunkt måtte dobbelsjekka om det dei var i ferd med å gjera var i orden.

Hå blir ofte omtala som Noregs største husdyrkommune. Det fører med seg mykje lort, som bøndene må bli kvitt.

Nye reglar gjer at bøndene ikkje får lov til å hevda like mykje som før. På same tid har landbruket sjølv forplikta seg til omfattande kutt i klimagassutsleppet. Som eit ledd i dette, er det ein uttalt ambisjon å levera inn meir lort som kan gjerast om til biogass.

Biogass blir rekna som ei klimavennleg energikjelde og kan nyttast både i transport og industri.

I Hå er det så pass mykje lort at det er rom for ikkje berre eitt, men to biogassanlegg.

Naboskepsis

Eitt er allereie under planlegging på Grødaland. Det er det Bio Jæren, eigd av Felleskjøpet Rogaland og Agder, IVAR, Lyse og Redo Biosolutions, som står bak. Dette anlegget vert dimensjonert for å kunna ta imot opp til 750.000 tonn husdyrgjødsel i året.

I tillegg ønsker Havila Biogass å bygga eit biogass lenger sør i kommunen. Anlegget deira er langt mindre. Det skal kunna ta imot 300.000 tonn husdyrgjødsel i året.

Den mest høvelege plasseringa av eit biogassanlegg sør i Hå er Skoga utanfor Sirevåg. Det har i alle fall vore kommuneadministrasjonen si haldning. Her er det god tilgang på råstoff, i tillegg til ei tilknyting til sjøretta verksemd.

Ikkje alle er samde. Fleire av aktørane som i dag held til i industriområdet på Skoga er skeptiske.

Blant anna har Sirevåg Rugeri gitt uttrykk for at dei er uroa for smittefare og biotryggleik. Rugeriet klekker ut halvparten av alle norske kyllingar som veks opp til å bli verpehøns. Ei eventuell nedstenging av rugeriet kan få store konsekvensar for den norske eggproduksjonen.

Høgre, fronta av Bodvar Vold, forsøkte i haust å stansa arbeidet med nødvendige endringar av områdeplanen for Skoga fram til kommunen eventuelt har ein heilskapleg plan for biogassanlegg.

Nytt alternativ

Forsøket lukkast ikkje, men rett før jul bad eit samrøystes Utval for samfunn, der Vold er medlem, kommunedirektøren om å sjå på Skoga nord som ei alternativ plassering for biogassanlegget.

Dei to områda som kan vera aktuelle er Skoga (markert med blått) og Skoga nord (markert med lilla). Begge ligg på austsida av fylkesvegen. På venstre side ligg Nylund og Sirevåg.
Dei to områda som kan vera aktuelle er Skoga (markert med blått) og Skoga nord (markert med lilla). Begge ligg på austsida av fylkesvegen. På venstre side ligg Nylund og Sirevåg. Foto: Foto: Hå kommune

Skoga nord ligg langs fylkesveg 44, på nordsida av Sirevåg Mekaniske.

Kommunen er nå i full gang med å utarbeida områdeplanar for både Skoga og Skoga nord.

Nyleg fekk Utval for samfunn ei prinsippavklaringssak i fanget. Spørsmålet var om kommunen skal gå vidare med planarbeidet, og om det er Skoga eller Skoga nord som er best eigna.

Lukt, smitte, eksplosjonsfare og støy

Kommuneadministrasjonens eigne konklusjon og tilråding til politikarane, var at det følger utfordringar med ei slik etablering, men at dei kan handterast og at Skoga nord er mest eigna.

Utgreiingar kommunen har gjort viser at smittefaren frå biogassanlegget til rugeriet er akseptabel, men at han uansett er mindre om biogassanlegget ligg på Skoga nord, som er lenger frå rugeriet.

Ein eigen avkøyrsel til frå fylkesvegen til Skoga nord kan ytterlegare redusera smittefaren.

Biogassanlegg fører med seg ein viss risiko for eksplosjon, særleg i samband med lagring av flytande biogass.

Det opphavlege forslaget til plassering av biogassanlegg på Skoga var her, i bakkant av dagens industri.
Det opphavlege forslaget til plassering av biogassanlegg på Skoga var her, i bakkant av dagens industri. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

I utgangspunktet ligg eksplosjonsfaren over det som blir rekna for akseptabel risiko, men kommunedirektøren reknar risikoen likevel for handterleg om det vert innført tiltak, som til dømes omsynssoner rundt anlegget.

Plassering av biogassanlegget på Skoga nord fører med seg noko lågare konsekvens for dei som bur rundt samanlikna med plassering på Skoga.

I 2022 opna eit nytt biogassanlegg på Stord. Anlegget førte til store luktutfordringar for naboane og måtte stenga igjen allereie året etter. Biogassanlegget på Stord er nå under omfattande ombygging. Fleire av dei som har vore skeptiske til biogassanlegg på Skoga har vist til Stord som skrekkeksempel.

I vurderinga si, skriv kommunedirektøren i Hå at det er uvisse knyta til luktvurderinga, men at noko lukt må påreknast. Kommunedirektøren trur ei plassering av biogassanlegget på Skoga nord kan redusera risikoen for lukt noko.

Utbygging, anten det er på Skoga eller Skoga nord, vil få svært negative konsekvensar for naturmangfaldet, men dette gjeld uavhengig av om det er biogassanlegg eller andre typar næring som blir etablert.

Litt av det same gjeld for støyutfordringar.

Støybelastinga frå eit næringsområde kan verta monaleg, men dette har mest å gjera med kombinasjonen av verksemder og korleis dei er plasserte.

Biogassanlegg støyar, men mindre enn typiske tungt støyande industriverksemder som ei vanleg næringsregulering opnar opp for. Kommunedirektøren har nytta asfaltverk som døme på det siste.

Kommunedirektøren slår likevel fast at for eit biogassanlegg blir problematikken minst ved plassering i Skoga nord.

Skoga nord ligg langs fylkesveg 44, på nordsida av dagens industriområde på Skoga.
Skoga nord ligg langs fylkesveg 44, på nordsida av dagens industriområde på Skoga. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Større belastning og høgare risiko i sør

Kommuneadministrasjonen vurderte fire ulike alternativ:

  • (Alternativ 0) Å bygga ut Skoga i tråd med dagens reguleringsplan og å la vera å bygga ut Skoga nord. Det vil seia at det ikkje blir noko av biogassanlegget eller reinseanlegget for skitne masser som ein annan aktør har spelt inn ønske om å etablera på Skoga
  • (Alternativ 1) Å opna for biogassanlegg med kapasitet på 300.000 tonn i året og massehandteringsanlegg på Skoga og å opna opp Skoga nord som eit nytt næringsområde for industri og lager
  • (Alternativ 2) Å opna opp for eit biogassanlegg, men med litt lågare kapasitet – 200.000 tonn i året – og massehandteringsanlegg på Skoga, i tillegg til å etablera næringsområde for industri og lager på Skoga nord
  • (Alternativ 3) Å opna opp for massehandteringsanlegg på Skoga, men elles vidareføra dagens reguleringsplan for området, samtidig som Skoga nord blir regulert for lager, industri og biogassanlegg med kapasitet på 300.000 tonn i året

Kommunedirektøren si tilråding var det siste alternativet.

Ei plassering av biogassanlegget på Skoga kan òg fungera, meinte kommunedirektøren, men vil føra til større belastning på tettstaden, høgare risiko i fleire senario og større sjanse for nabokonfliktar.

Samtidig var kommunedirektøren sitt råd at reinseanlegget for masser bør ligga på Skoga og ikkje Skoga nord, slik at ikkje eventuell avrenning skal hamna i Ognaelva. Å plassera anlegget nær eit lakseførande vassdrag kan komplisera planarbeidet.

Ville ha alt til nord

Då politikarane diskuterte saka, var Bodvar Vold frå Høgre først ute med å ta ordet. Han la ikkje skjul på at Høgre er imot å samla biogassanlegg, asfaltverk og reinsing av masser, anten på Skoga eller Skoga nord. Ideelt vil partiet utvikla begge områda til lagerområde og det Vold kalla «normal industri».

– Men me er klare over at me er i mindretal, sa Vold, og la i staden fram det han kalla eit «kompromissforslag»:

  • (Alternativ 4) Å bygga ut Skoga i tråd med dagens reguleringsplan og å opna opp Skoga nord for massereinseanlegg og biogassanlegg med kapasitet på 300.000 tonn husdyrgjødsel i året, i tillegg til industri- og lagerverksemd.

Tanken er å samla all skitten industri på ein plass før ein går vidare med konsekvensutgreiinga.

– På den måten unngår me at begge industriområda blir øydelagt, sa Vold, og lét det skina gjennom at for han ville det ideelle utkommet vera om biogassanlegget og massereinseanlegget blir skrinlagt i løpet av plan- og reguleringsprosessen.

– Er det i orden, dette?

Då politikarane skulle røysta, oppstod det ein del forvirring. Etter ein del fram og tilbake, blei utvalet einige om å setta dei fem ulike alternativa opp mot kvarandre for å sjå kva for eit som fekk mest stemmer.

Det heile enda med at åtte av dei ni røysteføre medlemmane stemte for Høgre sitt forslag: Å opna opp for biogassproduksjon og massereinsing på Skoga nord.

Det ble så pass mykje forvirring rundt avrøystinga at utvalsleiar Knut Åge Gjersdal måtte dobbelsjekka at det dei vedtok var i orden.
Det ble så pass mykje forvirring rundt avrøystinga at utvalsleiar Knut Åge Gjersdal måtte dobbelsjekka at det dei vedtok var i orden. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Den einaste representanten som stemte mot, var han som hadde lagt fram forslaget: Bodvar Vold.

Han stemte heller ikkje for andre alternativ.

– Ingen av alternativa som er lagt fram er gode, sa han då det vart diskusjon om det går an å legga fram eit forslag utan at ein sjølv stemmer for det.

– Er det i orden, dette, lurte utvalsleiar Knut Åge Gjersdal (Sp) og vende seg til kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal.

– Ja, når ein stemmer på denne måten, kan ein ikkje tvinga nokon til å stemma eitt av alternativa, svarte kommunalsjefen.

Massereinsing i det blå

Sidan det var alternativ fire som fekk flest stemmer, går utvalet nå inn for at Skoga skal utviklast etter gjeldande reguleringsplan, medan det skal utarbeidast ein ny reguleringsplan for Skoga nord med mål om å opna opp for biogassanlegg og eit anlegg til å reinsa forureina masser.

– Eg ville ha alternativet på bordet. Nå fekk eg det som eg ville, forklarte Vold til Jærbladet i etterkant av diskusjonen.

– Eg var førebudd på å stemma på eit av dei andre alternativa om eg måtte, men nå slapp eg det.

Vold gjorde det klart overfor avisa at han helst ser at det vidare arbeidet med reguleringsplan og konsekvensutgreiing fører til at både biogassanlegget og massereinseanlegget blir lagt vekk for godt.

Kva som eigentleg skjer med massereinseanlegget nå, er elles eit ope spørsmål.

I same møte vedtok nemleg utvalet, mot Høgre sine to stemmer, kommunedirektøren sitt framlegg til program for ein plan som skal opna opp for etablering av biogassanlegg på Skoga nord.

Massehandteringsanlegget er ikkje ein del av planprogrammet dei vedtok.