Mange naboar møtte opp då politikarane i Utval for samfunn tidlegare i juni var på synfaring på Nærbø.
På hjørnet av Bragevegen og Nypevegen har Dalvegen 4 AS planar om å riva og erstatta desse med ei fem etasjar høg bustadblokk. I tillegg vil dei setta opp fire rekkehus.
Området som skal byggast ut, er på 3,4 dekar.
Fleire av dei frammøtte naboane var tydeleg skeptiske til planane. I spissen for dei stod Gudmund Haraldseide.
Haraldseide er ein av dei som bur aller nærast den planlagde utbygginga. Han er òg tilsett i kommunen si planavdeling, men understreka at i denne saka var han berre engasjert som innbyggar.
– Me har motførestillingar, sa han.
Fryktar dei skal mista sola
Nabolaget, som ligg på vestsida av Nærbø, blei etablert som einebustadområde på 1960-talet. Seinare blei feltet utvida og fortetta, inkludert med rekkehus, særleg frå 1980-talet og utover.
Rundt 2015 blei det oppført ei bustadblokk med ti bueiningar på nabotomta i Dalvegen 6. Denne er tre etasjar høg.
Haraldseide peika på huset sitt og så på blokka i Dalvegen.
– Du kan setta huset på toppen av blokka og så får du høgda på det som nå er planlagt. Fem etasjar er altfor høgt, sa han.
Naboane som Haraldseide var talsmann for, fryktar at solforholda skal bli forverra, særleg på kveldstid og om vinteren.
Haraldseide poengterte at planinitiativet i liten grad går inn på korleis den planlagde utbygginga kan påverka solforholda.
– Det står ingenting om bygningsvolum eller utforming, sa han.
På austsida av Nypevegen, rett framfor Vibereiret barnehage, ligg det eit grønt friområde med leikeapparat. Ifølge Haraldseide vil også dette mista mykje av kveldssola.
– Dette er eit område som blir mykje brukt av ungar, sa han.
Heller ikkje kommunedirektøren ønsker seg fem etasjar.
I utgreiinga til politikarane som fekk lagt føre planinitiativet i ei prinsippsak, skriv kommunedirektøren at fem etasjar kan opplevast svært dominerande i området. Rådet til politikarane er at det ikkje bør tillatast meir enn fire etasjar, og at fjerde etasje, eventuelt òg tredje, bør trekkast inn der blokka er nærast naboane.
For Haraldseide og naboane var ikkje det nok. Dei meinte blokka i Dalvegen burde tena som døme, og at høgdegrensa burde settast ved tre etasjar.
– Eg reknar med ønsket om fem etasjar er styrt av økonomiske motiv og ønsket om å komma over den andre blokka for å få fin utsikt. Eit ønske om å utvikla nabolaget er det ikkje, sa Haraldseide.
Trafikkauke
Inkludert dei fire rekkehusa, rommar det planlagde prosjektet 28 bueiningar. Det vil, ifølge kommunedirektøren, føra med seg ei monaleg auke i trafikken i området.
Haraldseide hadde rekna seg fram til at utbygginga fører til ei trafikkauke på minst 80 bilar ut og inn kvart døgn.
– Og det kjem i tillegg til alt trafikken som er her frå før, sa han.
Naboane var og uroa for at det skal bli meir gateparkering og støy.
I innstillinga si, var òg kommunedirektøren opptatt av korleis nabolaget kan ta unna auka trafikkmengder. Kommunedirektøren lista opp fleire ulike alternativ for korleis trafikken kan handterast gjennom opning og stenging av ulike vegar i nabolaget, men meinte det mest føremålstenlege vil vera å ta stilling til dette i ei eiga områderegulering.
I dag er det ikkje fortau i området. Den venta trafikkauken gjer at det er noko som må vurderast, skriv kommunedirektøren.
Kommunedirektøren sitt forslag er at utbyggaren sjølv må sørga å bygga dette på eigedommane som skal byggast ut, og at vidare utbygging av fortau ut over dette må bli tema i nye områdeplanar.
Det var eit forslag naboane støtta.
– Tiltakshavar må løysa fortau på eige areal, sa Haraldseide.
Pådrivar er sjølv nabo
Som nemnt innleiingsvis er det ikkje alle naboar som er skeptiske til planane. Då politikarane kom på synfaring, møtte òg Mikal Bjørløw opp. Han bur i blokka i Dalvegen 6, og har tidlegare budd i eit av dei husa som må rivast for å gje plass til den planlagde utbygginga.
Bjørløw representerte sonen Egil, som gjennom Ide Hus eig Dalvegen 4 AS.
Bjørløw sa at sonen eig alle tre eigedommar og sjølvsagt vil nytta desse på ein berekraftig måte.
Reguleringsplanen for området er gammal og legg i utgangspunktet opp til einebustadar på maks to etasjar. Kommunen har starta eit arbeid med å digitalisera og oppdatera gamle reguleringsplanar og gjera det enklare å fortetta, men dette arbeidet har førebels ikkje kome til det aktuelle nabolaget på Nærbø.
Kommunedirektøren sitt forslag til politikarane er at dei, i påvente av ei digitalisering av heile reguleringsplanen, kan laga ein områdeplan for dei aktuelle områda, ikkje berre kvartalet der Bragevegen 4 AS vil bygga, men heile det strekket som ligg mellom Lyngvegen, Skjærpebakken, Bragevegen og Store Ring.
I samband med dette kan òg ulike trafikkspørsmål avklarast.
– I tråd med overordna føringar
I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren òg at sjølv om dei går på tvers av reguleringsplanen, er planane til Bragevegen 4 AS, i tråd med kommuneplanen og regionalplanen sine føringar for fortetting i sentrumsnære område.
Dette var eit poeng Bjørløw tok tak i då han viste til kommuneplanen, som blei vedtatt i 2024. Den seier at om ein eigedom ligg mindre enn 500 meter frå jernbanen skal utnyttinga vera høg, mellom 70 og 200 prosent.
Frå hjørnet der Bjørløw stod til jernbanestasjonen er det i overkant av 300 meter i luftlinje – litt lenger å gå.
– Utnyttingsgraden er på 153 prosent, sa Bjørløw om prosjektet.
Til samanlikning er utnyttingsgraden i blokka han bur i, Dalvegen 6, 176 prosent.
Kommuneplanen tar ikkje stilling til byggehøgder, men føreset at dette blir gjort i reguleringsplanen og då ut frå omsyn til solforhold og uteareal.
Bjørløw understreka at det politikarane hadde fått lagt føre seg, ikkje var eit omsøkt prosjekt, men eit forslag som det går an å drøfta nærare.
– Me har stor forståing for at kommunen har behov for å laga ein områdeplan. Det me ønsker, er at kommunen tar den prosessen parallelt med at me utviklar forslaget vårt. Då får de eit godt, gjennomarbeida forslag som de kan ta stilling til, sa Bjørløw.
Ber om grundigare informasjon
Men politikarane ville ikkje ta stilling, i alle fall ikkje ennå. Då dei etter synfaringa skulle diskutera saka, la utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) fram forslag om å utsetta heile greiene.
Utvalsleiaren var skeptisk til utbyggaren sitt ønske om at kommunen skal laga områdeplan parallelt med at Dalvegen 4 AS utarbeider eit konkret forslag for eigedommen sin.
Dette syntest han var vanskeleg, fordi om dei seier ja eller nei til eit visst antal etasjar vil det legga føringar for utbyggaren sitt planarbeid. På den andre sida kan dei ikkje godt setta i gang ein områdeplan utan å ta stilling til byggehøgder og etasjar.
Ånestad meinte at før dei kan gå inn og laga ein områdeplan, treng dei meir informasjon, blant anna om korleis høgda på utbygginga kan påverka nabolaget.
Han føreslo å be initiativtakaren legga fram illustrasjonar av sol, skugge og volum og potensiell påverkar på omgjevnadane, med mål om å legga desse fram i ei ny prinsippsak for utvalet.
– Så tenker eg me framleis skal laga områdeplan etter kvart, sa Ånestad.
Ville stoppa på tre etasjar
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) var ikkje einig. Ho meinte ho hadde nok informasjon allereie.
– Me har trass alt akkurat vore der og sett, sa ho.
Kvia meinte det er greitt nok med ei blokk, men ville ikkje akseptera meir enn tre etasjar.
Politikaren frå Hå-lista var òg uroa for trafikkforholda.
– Det er ganske mykje bilar som skal vera der, sa ho.
Dalvegen 4 AS sine planar legg opp til bebuarparkering i kjellaren, men Kvia meinte at gjester uansett vil føra med seg gateparkering.
Ifølge Kvia er området eit villastrøk som står i eit generasjonsskifte.
– Det vil komma meir ungar. Det er òg noko å tenka på. Med mange leilegheiter blir det meir bil og mindre plass til mjuke trafikantar, sa ho.
Resten av utvalet støtta forslaget om utsetting.
– Det er ikkje tvil om at både utbyggar og bebuarar har uttrykt at saka er for lite belyst. Dei fortener at me veit meir før me tar ei endeleg avgjerd, sa Håkon Kvia (Frp).