Lye er i ferd med å få eit nytt nabolag. I Larheia, på austsida av næringsområdet som ligg mellom Ålgårdsvegen og Lyevegen, har dei første bebuarane i det som har fått namnet Lye Village flytta inn.

Prosjekt Koseleg

Lye Village er ei gruppe brakkeriggar som husar tilreisande fagarbeidarar og funksjonærar som er med på bygginga av Green Mountain sitt datasenter på Undheim.

Førebels er tre brakkeriggar tatt i bruk. Det fjerde blir opna mandag 28. september. Fleire er under oppføring.

Det er reine samlebandproduksjonen. Anleggsmaskinar tar eitt og eit delfelt for seg. Når grunnarbeid og vatn er på plass i eitt delfelt, er det Stord Innkvartering sin tur. Det er dei som leverer brakkeriggane, nokre av dei brukte, men dei fleste heilt nye.

Pille-Riin Peelmann (frå venstre) er resepsjonsleiar ved Lye Village, Sølvi Skretting Omland er site manager og Maria Skretting Braut er overkjøkkensjef med ansvar for kantinene både i Larheia og anleggsområdet på Undheim.
Pille-Riin Peelmann (frå venstre) er resepsjonsleiar ved Lye Village, Sølvi Skretting Omland er site manager og Maria Skretting Braut er overkjøkkensjef med ansvar for kantinene både i Larheia og anleggsområdet på Undheim. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Når brakkene er på plass, tar Lynra over. Dei bruker om lag ei veke på å gjera brakkeriggane klare innvendig og testa at det tekniske fungerer. Dei måler veggar, monterer såpedispenserar og står i lift for å skru opp skilt og kjøper til og med inn pynteputer til opphaldsromma, der dei òg legg fram kortstokkar og yatzy.

– Me kallar det Prosjekt Koseleg, seier Sølvi Skretting Omland, Maria Skretting Braut og Pille-Riin Peelmann om kreftene dei legg ned i å få litt farge på kalde veggar og grøne plantar og trivsel i stovene.

Alle romma i Lye Village er utstyrt med eige bad, enkeltseng, garderobe og skrivebord. – Dei er ikkje så store, men dei har alt du treng, seier Pille-Riin Peelmann.
Alle romma i Lye Village er utstyrt med eige bad, enkeltseng, garderobe og skrivebord. – Dei er ikkje så store, men dei har alt du treng, seier Pille-Riin Peelmann. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sjølv om enkelte av brakkene er brukt tidlegare, er sengene heilt nye.

– Me har fått skryt for sengene. Sånne ting er viktig, seier Omland.

Kvar brakkerigg inneheld 44 rom, kvart på ti-tolv kvadratmeter. Alle romma har enkeltseng, skrivepult og eige bad. I tillegg er det to opphaldsrom med fjernsyn, vask og kjøleskap og garderobe med rein og skiten sone.

Alle brakkeriggane har vaskerom med tørkeskap for skitne arbeidsklede.
Alle brakkeriggane har vaskerom med tørkeskap for skitne arbeidsklede. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Eit vaskerom med tørkeskap må òg til skal arbeidskleda vera klare til neste dag. Kvar brakkerigg er òg utstyrt med ein lita badstue.

Fullt utbygd skal Lye Village romma 616 rom fordelt på 14 brakkeriggar.

Kvar brakkerigg er ustyrt med to opphaldsrom. Dei som driv brakkebyen har lagt innsats ned i at dei skal vera litt koselege.
Kvar brakkerigg er ustyrt med to opphaldsrom. Dei som driv brakkebyen har lagt innsats ned i at dei skal vera litt koselege. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Møter gjestene med smil

Omland, Braut og Peelmann er høvesvis driftsleiar, kjøkkensjef for to kantiner og resepsjonsleiar i Lynra, som er firmaet som har fått kontrakten med å husa dei tilreisande arbeidarane.

Dei tre kjenner kvarandre godt og omtalar seg som eit superteam. Dei har tidlegare jobba saman ved Bryne Kro & Hotell og til overmål er Sølvi og Maria søstrer.

– Me veit kor me har kvarandre, og ingen av oss er redde for å få skit under neglene, seier dei.

Sølvi Skretting Omland er opptatt av at dei som bur i Lye Village, skal oppleva at dei blir sett.
Sølvi Skretting Omland er opptatt av at dei som bur i Lye Village, skal oppleva at dei blir sett. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Omland, Braut og Peelmann refererer konsekvent til dei som bur i brakkene som «gjester». Om det er det som er gjengs uttrykk i bransjen, veit dei ikkje, men det er i alle fall det dei er vande med å bruka frå hotellbransjen, og det er der Lynra, som er eigd av Stordalen-firmaet Strawberry, hentar inspirasjonen.

– Det er kjernen i det som gjer denne jobben interessant for oss. Det er ikkje berre-berre å bu vekke frå familien sin for å jobba, seier Omland.

Hotellbakgrunnen deira gjer at det er naturleg for dei å smila og helsa blidt god morgon til alle dei treff på. Det er ikkje noko alle gjestene deira er like vande med, men det er tydelegvis ei vinnaroppskrift.

Er du i tvil, er det altså slik at du ikkje skal inn på skitne sko. Garderobane er delt inn i rein og skiten sone.
Er du i tvil, er det altså slik at du ikkje skal inn på skitne sko. Garderobane er delt inn i rein og skiten sone. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Omland fortel om tilbakemelding frå røynde anleggsarbeidarar som meiner dette er den beste plassen dei har budd. Grunnen dei oppgjev, er enkel: Som gjester, blir dei møtt med «Hei» og «God morgon».

– Me skal sjå heile menneska. Dette skal ikkje berre vera ein oppbevaringsplass, seier Omland.

Dei Lynra-tilsette nyttar ikkje omgrepet «brakkeby». For dei er Larheia, eller Lye Village, ein «bustadrigg».

Dei fleste som bur i Larheia er menn, men det er damer òg, ein kombinasjon dei trur er bra for bumiljøet.

– Me har hatt damer i høge hælar her, og det var før det var lagt asfalt, seier Pille-Riin Peelmann og ler.

Når brakkebyen er ferdig utbygd, skal det vera totalt 616 rom her.
Når brakkebyen er ferdig utbygd, skal det vera totalt 616 rom her. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Innkøyring

Dei tre er framleis i innkøyringa. Derfor passar dei på å ta både sein- og tidlegvakter, i tillegg til å vera med i helgene.

– Om me ikkje gjer det, veit me ikkje kva andre står i, seier Omland.

Medan folk er på jobb, ryddar room service opp.
Medan folk er på jobb, ryddar room service opp. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Jærbladet prøver å fritta dei ut om kva utfordringane er ved å husa så mykje folk som skal bu så tett, men blir møtt med svar om at det ikkje finst utfordringar, berre løysingar.

– Det finst løysingar på alt, seier Peelmann.

Dei innrømmer likevel at det har lugga litt i nokre av dei tekniske løysingane og spesielt det som har med tilgang å gjera, for her er det mykje informasjon som skal gjennom mange ledd før han kjem inn i appen gjestene deira nyttar.

Tidleg start

Dei første gjestene deira begynner arbeidsdagen på Undheim allereie klokka seks om morgonen og då skal dei vera klare. På kvardagar begynner frukosten derfor allereie klokka halv fem og varar fram til klokka halv åtte.

Sundagar er det annleis. Då er det frukost frå sju til ti.

Dei fleste dagar er frukosten det dei Lynra-tilsette kallar standard norsk frukost, men to dagar i veka er det varmmat.

Maria Skretting Braut er kjøkkensjef i kantina i Larheia, i tillegg til personalkantina som ligg i anleggsområdet på Undheim.
Maria Skretting Braut er kjøkkensjef i kantina i Larheia, i tillegg til personalkantina som ligg i anleggsområdet på Undheim. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det er torsdagar, som er morgonane etter at det kjem eit nytt skift med arbeidarar til anlegget, og sundagar, når dei som bur der har betre tid til å nyta maten.

Arbeidarane pakkar sjølv lunsjen sin med seg, typisk sandwich og frukt.

Middag kan vera alt frå fiskekaker til storferagu og tapas. To dagar i veka er det fisk. I tillegg tilbyr dei suppe og salatbuffé. Dei er òg nøye på at det kvar einaste dag skal finnast alternativ.

Nokon toler ikkje gluten, andre er allergiske mot nøtter eller er laktoseintolerante. Slike ting må dei ta omsyn til.

Kantina er stor, flott og lys.
Kantina er stor, flott og lys. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kvar dag er det dessert. I utgangspunktet er ikkje dette med i budsjettet, men dei ser at gjestene set pris på det.

– Me prøvar oss litt fram, seier Omland.

Ho meiner at det å sitta saman rundt eit bord i seg sjølv er verdfullt.

– Folk må ta seg tid. Då er det viktig at me kan by på kaffi og dessert, seier ho.

Stordrift

Braut har nyleg henta inn eit par lokale ungdommar frå Lye som skal vera ekstrahjelp på kjøkkenet.

Blant dei som jobbar i full stilling, er tilsnittet av internasjonale arbeidarar høgt. Av dei som lagar maten er det folk med bakgrunn frå blant anna Spania, Litauen, Nepal og Syria.

– Me drøymer om å ha internasjonal kveld, seier Braut og fortel om syrisk kylling som gjekk ned på høgkant hjå svoltne arbeidarar.

Lyebuen Kurt Borgund er lånt ut som driftsoperatør frå Bryne Byggdrift. – Kjempegildt, seier han om å jobba i Larheia. – Det er mykje gilde folk her.
Lyebuen Kurt Borgund er lånt ut som driftsoperatør frå Bryne Byggdrift. – Kjempegildt, seier han om å jobba i Larheia. – Det er mykje gilde folk her. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Nå under oppstarten følger dei nøye med på forbruket for å sjå kva som er mest populært og kor høg rotasjonen må vera i menyen.

Braut er òg sjef for personalkantina for dei kontortilsette oppe på Undheim. Her serverer ho varm lunsj til 250 personar. Denne kantina fungerer som ein liten test for kva som går an å få til i Larheia.

– Får me det til for 250 mann på Undheim, så kan det funka her òg, seier ho.

Kjøkkenet ho styrer i Larheia har kapasitet nok til å ta imot 800 gjester.

Aktivitetar på fritida

Pille-Riin Peelmann er leiar for resepsjonen. Det er ho som har ansvaret for at dei som bur i brakkebyen har noko å gjera på i den vesle fritida dei har. Til ei kvar tid skal det vera minst ti ulike aktivitetar å velja mellom.

Peelmann listar opp frisbee, fotball, kubb og kortspel som moglege døme, men det stoppar ikkje der. Ho har òg laga det ho kallar månadens utfordring. I appen som dei som bur der bruker, har ho laga til månadens utfordring.

Pille-Riin Peelmann viser fram badstua. Ho vaks sjølv opp i Estland, og er derfor godt vand med skikkeleg saunakultur.
Pille-Riin Peelmann viser fram badstua. Ho vaks sjølv opp i Estland, og er derfor godt vand med skikkeleg saunakultur. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Denne månaden har ho lagt ut ei forklaring på korleis det går an å ta toget til Ogna, gå turvegen gjennom Jernbaneskogen til Sirevåg og oppleva bunkerane i Vedafjell. Dei som gjer dette, og sender inn eit bilde av seg sjølv tatt utanfor Fiskerfruen nede i Vågen, får ei påskjønning.

– Eg vil at dei skal komma seg ut. Målet mitt er at folk skal få seg frisk luft, seier Peelmann.

På same tid er det ikkje til å unngå at store delar av kvardagen til dei som bur der går med til å anten jobba eller sova.

– Det er ikkje mykje fritid dei har, men i den tida dei har, skal dei i alle fall ha moglegheiter til å finna på noko, seier Omland.

På sikt har dei eit håp om quizkveldar, tur til Preikestolen og å få låna fotballbane av idrettslaget slik at dei kan laga turnering.

Vil ha godt naboskap

Dei som driv Lye Village er opptatt av å ha eit godt forhold til naboane og arrangerer jamleg samarbeidsmøte.

Slik ser foajeen mellom kjøkkenet og resepsjonen ut. Merk dei tomme bilderammene. Fleire bilde med lokale motiv frå Jæren er bestilt inn, men har førebels ikkje komme på plass.
Slik ser foajeen mellom kjøkkenet og resepsjonen ut. Merk dei tomme bilderammene. Fleire bilde med lokale motiv frå Jæren er bestilt inn, men har førebels ikkje komme på plass. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Der stiller DC Nordic, som er dei som bygg datasenteret, Green Mountain, som er dei som skal bruka det, Avarn, som har ansvaret for tryggleiken i brakkebyen, og representantar for lokalt idrettslag, vellag og næringsliv.

Dette skal sikra god kommunikasjon.

– Og dei som vil innom for ein drøs og ein kopp kaffi er sjølvsagt velkomne til det, seier Omland.

Det er ikkje til å legga skjul på at enkelte har møtt brakkebyen med ein viss skepsis. Omland seier at dette likevel ikkje er heile bildet.

Nye delområde er under opparbeiding.
Nye delområde er under opparbeiding. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Under eit av nabolagsmøta var det til dømes ein som fortalde at han hadde fiskerettar i nærleiken av brakkebyen og lurte på om dei var interessert i dette.

Det var dei sjølvsagt.

– Utlån av fiskeutstyr kjem i appen, lovar Omland.

– Me har mange idear me jobbar med.