Øystein Nereng (nummer tre frå venstre), Kjell Olav Stangeland (nummer fire frå venstre) og Jone Fosse (til høgre) går saman om krav om lovlegheitskontroll.
Øystein Nereng (nummer tre frå venstre), Kjell Olav Stangeland (nummer fire frå venstre) og Jone Fosse (til høgre) går saman om krav om lovlegheitskontroll. Foto: Snorre Standish Norheim

Kjell Olav Stangeland (Ap), Jone Fosse (Sp) og Øystein Nereng (SV) røysta imot då utval for lokal utvikling innvilga dispensasjon til ein brakkeby for over 600 personar på Lye.

Dei har gått saman og krev av vedtaket. Dei vil at Statsforvaltaren i Rogaland skal sjå nærmare på fem punkt.

Parkering og trafikk

Sjølv om over 600 personar skal bu i brakkebyen, manglar både saksframlegget og vedtaket vurderingar av parkeringsbehov og parkeringsløysing.

– Når dispensasjonsvedtaket er fatta før dette forholdet er vurdert og avklart, meiner me det er grunn til å stille spørsmål ved om saka var tilstrekkeleg opplyst før vedtaket vart fatta, skriv Stangeland, Nereng og Fosse.

Dei meiner òg at kommunen ikkje har greidd ut konsekvensane av å bussa arbeidarane til og frå Undheim.

Saksframlegget analyserer ikkje nærare trafikktryggleik, transportløysingar eller konsekvensar for mjuke trafikantar.

Sør-Vest politidistrikt anbefalte at arbeidarane vart busette nær arbeidsplassen, mellom anna fordi det ville redusera behovet for dagleg transport på smale vegar utan gang- og sykkelveg.

Spørsmål om prosess

Reglane for medverknad og utgreiing er mindre omfattande i dispensasjonssaker enn i ein ordinær planprosess.

Stangeland, Nereng og Fosse viser til at brakkebyen i to år vil ha store konsekvensar for lokalsamfunnet på Lye. Dei meiner det er grunn til å undersøkje om saka burde vore behandla i ein planprosess.

Vedtaket gjev dispensasjon frå plankrav, fleire regulerte arealformål og rekkjefølgjekrav.

Dei tre politikarane stiller spørsmål ved om kommunen har dokumentert at fordelane ved dispensasjonen er klart større enn ulempene – som er eitt av lovvilkåra som må vera innfridde.

Dei grunngjev innvendinga med mangelfulle vurderingar av parkering, trafikktryggleik, konsekvensar for nærmiljøet, politiet si anbefaling om alternativ lokalisering og konsekvensane av å ta i bruk areal regulert til friområde, leikeareal og samferdselsanlegg.

Arbeid i Larheia måndag 22. juni.
Arbeid i Larheia måndag 22. juni. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Uavklarte forhold

Utvalet innvilga dispensasjon frå kravet om plan, i tråd med anbefalinga frå kommunedirektøren. Han la til grunn at dei nødvendige forholda blir avklarte tilstrekkeleg gjennom byggesaka.

Samstundes gjekk det fram av saksframlegget at søknaden om byggeløyve skal behandlast administrativt i etterkant av dispensasjonsvedtaket.

Stangeland, Nereng og Fosse meiner at utvalet fatta vedtak om dispensasjon før fleire sentrale forhold var endeleg vurderte og avklarte – dei nemner parkering og trafikkavvikling som to av fleire eksempel.

– Me meiner det er grunn til å undersøka om dispensasjonsvedtaket dermed bygger på føresetnader som ikkje var dokumenterte eller avklarte på vedtakstidspunktet, og om saka dermed oppfyller kravet til forsvarleg saksutgreiing etter forvaltningsloven.

Stoppar ikkje opp

Kravet om lovlegheitskontroll skal først behandlast i utval for lokal utvikling. Dersom utvalet vel å stå ved sitt opphavlege vedtak, blir det sendt vidare til Statsforvaltaren.

Stangeland, Nereng og Fosse sende kravet innanfor den absolutte fristen på tre veker frå vedtaket vart fatta, men etter det siste utvalsmøtet før sommaren. Det var sett opp 18. juni, men vart avlyst på grunn av få saker.

Kommuneloven er klar på at kravet om lovlegheitskontroll ikkje gjer at iverksettinga av vedtaket blir utsett. Det er berre kommunen si saksbehandling – dei offentlegrettslege sidene av vedtaket – som skal kontrollerast.

Statsforvaltaren vil ikkje seia noko om kva som skal skje dersom vedtaket er ugyldig. Det blir i så fall kommunen sitt problem.