Byggestart for det som skal bli Norges desidert største anlegg for produksjon av biogass frå husdyrgjødsel kan komma neste år, 20 år etter at ideen først blei lansert.
– Det me har sagt til bøndene er at biogassanlegget kan vera ferdig i slutten av 2029, sa Esben Tonning Otterlei under ei orientering til formannskapet i Hå førre veke.
– Ikkje luktfritt
Otterlei er prosjektleiar i , som står bak planane om biogassanlegget på Grødaland.
Før har det vore snakk om at anlegget kunne stå klart i 2027. Nå er det altså 2029 som tel. Om dei klarar å halda på denne framdriftsplanen, er ikkje avklart.
Bio Jæren ventar framleis på avklaringar frå Statsforvaltaren i Rogaland knyta til utslepp.
Biogassanlegget vil nemleg ha ein eigen energisentral. Frå denne vil det vera utslepp frå skorstein. Då trengst det utsleppsløyve. Søknaden er for lengst inne. Det dei ventar på nå, er endelege avklaringar rundt korleis utslepp skal målast og tilsyn utførast.
– Me har god dialog, sa Otterlei til politikarane.
Renate Skretting (KrF) viste til at «Grødalandslukta», til tider «har vore ganske saftig». Ho lurte på kva føringar biogassanlegget får for luktutslepp.
Svaret ho fekk, var at dette blir behandla som ein del av utsleppsløyvet og at Statsforvaltaren kjem til å ta med allereie eksisterande luktutslepp i utrekninga.
– Eg skal vera forsiktig med å garantera at det ikkje vil lukta meir, men dette vil vera regulert i utsleppsløyvet, sa Otterlei.
Han la til at anlegget kjem til å køyra full luktreinsing.
– Det blir ikkje vesentleg meir lukt, men eit biogassanlegg vil alltid lukta litt. Å seia at det blir luktfritt vil vera å lyga, sa Otterlei.
Ser etter leverandørar
Han kunne òg fortelja at dei allereie har vald ut nøkkelleverandørar til dei store kontraktane og er i ferd med å kartlegga og velja ut moglege underleverandørar til alt frå luktkontroll og elektriske system til energisentral og pelleteringsanlegg.
Dei jobbar nå med søknaden om rammeløyve, samtidig som dei er i gang med å førebu grunnarbeidet. Blant anna ser dei på korleis toppjorda frå Grødaland kan brukast om igjen andre plassar.
I desse dagar er dei i ferd med å teikna kontraktar med bønder som skal levera gjødsel. Førebels er dei ikkje fullteikna, men Otterlei var trygg på at det blir dei.
Biogassanlegget har tidlegare blitt omtalt som ei «månelanding», men ifølge er dei teknologiske løysingane som trengst relativt veletablerte.
Det er korkje teknologien eller utsleppsløyvet som gjer at ting tar tid, ifølge Otterlei, som i staden peika på ein annan avgjerande ting som førebels ikkje er til stades: Ein marknad for gjødselfabrikken som skal bli ein integrert del av Norges største biogassanlegg.
15 høghus med lort i året
«Største» er forresten eit definisjonsspørsmål. Målt i energiproduksjon finst det planar om anlegg som er større, men målt i prosess, skal anlegget på Grødaland bli Norges absolutt største. Det er fordi dei råstoffet dei skal bruka, er lort.
Med tanke på at husdyrgjødsel består av 95 prosent vatn og berre 5 prosent tørrstoff, og at det er sistnemnde dei hentar energien ut frå, er energiinnhaldet i lorten eigentleg ganske lågt, i alle fall om du måler per kubikk.
Men lort er det nok av på Jæren. Her er det tett mellom husdyra. Samtidig gjer nye og strengare gjødselreglar at bøndene anten må kvitta seg med dyr eller finna ein plass å gjera av noko av lorten dei produserer.
På Jæren legg Bio Jæren opp til å ta imot heile 650.000 tonn lort i året frå ein plass mellom 200 og 300 gardar. Det er nok lort til å kunna fylla Høghuset på Bryne 15 gonger.
Ut frå denne lorten skal det lagast gass. Denne kan nyttast til energiproduksjon. Med 650.000 tonn råmateriale skal dei laga gass nok til å produsera 170 gigawattimar med energi i året. Det svarar til straumrbruken til rundt 8.500 einebustadar.
Det er likevel ikkje privatmarknaden som er målgruppa for biogassen frå Grødaland.
Då Esben Tonning Otterlei frå Bio Jæren nyleg orienterte formannskapet i Hå om status for biogassanlegget, skildra han maritim sektor som ein veldig attraktiv kunde.
Under gassproduksjonen oppstår eit biprodukt: Biogen CO₂. Dette er klimagass frå organisk materiale, som gjennom nedbrytingsprosessar uansett ville sleppt ut i atmosfæren, i motsetnad til CO₂ frå olje, gass og kol, som kjem frå fossile kjelder.
Nyttar ein biogen CO₂ betyr det ein ikkje fører nye mengder CO₂ til det naturlege krinsløpet. Bio Jæren ser føre seg at veksthusbransjen kan nytta seg av denne ressursen. Noko kan òg gå inn i permanent CO₂-lagring, det blir i så fall rekna for eit permanent reduksjonsutslepp.
I alt reknar Bio Jæren med at anlegget på Grødaland kan redusera dei norske klimautsleppa med 100.000 tonn årleg.
Sikrar bønder same produksjon som i dag
Bøndene på Jæren som leverer inn lort får han tilbake igjen i akkurat like store mengder og kan nytta denne til gjødsel. Skilnaden er at næringsstoffa i lorten er tilpassa jorda sine behov, til dømes med meir nitrogen og kalium, men mindre fosfor.
Det siste er det for mykje av i jorda på Jæren allereie.
Det er ubalansen i næringsstoffa som blir spreia ut som er bakgrunnen for at styresmaktene nå strammar til gjødselreglane.
I formannskapet sa Otterlei at Bio Jæren vil garantera ein fosforreduksjon som gjer at bøndene dei har avtale med, når dei nye reglane trer i kraft, framleis kan driva med det same talet dyr som dei har i dag.
– Skal det ha verdi for landbruket, må biogassanlegg fjerna fosfor. Det er noko av det viktigaste me gjer, sa Otterlei.
Når bønder leverer gjødsel til biogassanlegg, får dei eit tilskot frå staten. Bio Jæren kjem til å ta betalt for det dei tar inn, men for dei fleste bøndene vil det dei betalar til biogassanlegget vera mindre enn tilskotet dei får.
Det sagt, inneber ordninga òg at bøndene investerer heime på garden. Blant anna må dei bygga ein ny gjødselkum der dei kan ta imot lorten etter at han har blitt behandla på biogassanlegget.
Fjørfebønder får ikkje lort tilbake igjen. Det er rett og slett ikkje økonomi i det, korkje for biogassanlegget eller bøndene sjølve.
Vanskeleg marknadstilgang
Kvart år vil biogassanlegget sitta igjen med ein biorest på om lag 30.000 tonn. Denne er, som Otterlei sa i formannskapet, «relativt fosforopprikt», etter at fosforen har blitt skilt ut frå lorten dei får inn.
Biogassresten vil dei nytta kommersielt.
– Det er dette som er grunnen til at det tar tid, sa Otterlei til politikarane.
Han meinte ei vellukka handtering av bioresten er nøkkelen til å lukkast med biogassproduksjon i Norge.
– Me kan ikkje berre akkumulera opp og satsa på at det ordnar seg, sa Otterlei.
På Grødaland er tanken å bygga ein eigen gjødselfabrikk ved sida av biogassanlegget. Denne er venta å bli landets største biogjødselfabrikk.
Her skal bioresten tørkast og optimaliserast før han kan sendast ut i Norge og verda.
Det er viktig at gjødsla har rett balanse mellom nitrogen, fosfor og kalium, bygd opp etter same lest som norske Yara, verdas største mineralgjødselleverandør, opererer med.
I formannskapet uttalte Otterlei at det ikkje er dette som er vanskeleg. Det som er vanskeleg, er marknaden.
– Det er ikkje ein etablert marknad for dette. I dag er alt av gjødsel dominert av Yara. Me må inn i ein eksisterande marknad som er fullstendig dominert av dei, sa Otterlei.
For tida jobbar Bio Jæren med ein ekstern samarbeidspartnar for å sjå på korleis dei i første omgang kan sikra seg nok mottakar i utlandet, medan dei bygger opp ein marknad i Norge.
Otterlei understreka at gjødselfabrikken blir ein vesentleg del av anlegget på Grødaland.
– Det er òg litt av årsaka til at det tar tid. Me må vera trygge på at me har marknadskanalar for bioproduktet vårt før me trykker på den store investeringsknappen, sa han.
På direkte spørsmål frå ordførar Andreas Bjorland (KrF) om kva som kunne fått fart på marknaden, viste Otterlei til styresmaktene sitt krav om at ein viss del av brenselet og drivstoffet som blir selt i løpet av eit år, må vera biodrivstoff.
– Hadde det komme eit krav om at ein viss del av gjødsla som blei omsett, måtte vera biogjødsel, slik at store produsentar blei nøydde til å få det inn i porteføljen, ville det sjølvsagt stimulert marknaden. Det er tungvint for oss å driva fram marknaden åleine, sa Otterlei.
Jærbladet skreiv opphavleg at det var Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) som spurde om «Grødalandslukta». Rett skal vera Renate Skretting (KrF). Jærbladet beklagar feilen.