Bio Jæren skal bygga biogassanlegg på Grødaland. Det skal i hovudsak ligga på den grøne kjelva. I bakkant sikrar Bio Jæren seg tolv mål til. Det området skal brukast til gjødselfabrikk.
Bio Jæren skal bygga biogassanlegg på Grødaland. Det skal i hovudsak ligga på den grøne kjelva. I bakkant sikrar Bio Jæren seg tolv mål til. Det området skal brukast til gjødselfabrikk. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

På Grødaland i Hå har IVAR eit anlegg som tar imot organisk avfall som dei gjer om til biogass. På ei nabotomt vil Bio Jæren, som er ei samanslutning av IVAR, Lyse, Felleskjøpet Rogaland Agder og svensk-norske Redo Biosolutions, laga biogass av lort frå landbruket.

Bio Jæren sitt anlegg, som skal ta imot lort frå to-tre hundre gardar på Jæren, blir stort, kan henda størst i Norge Det er dimensjonert for å ta imot 650.000 tonn gjødsel i året – opp mot 750.000 tonn i periodar.

Biogassproduksjon er miljøvennleg energiutvinning, men svarar òg på eit behov i landbruket. Nye og strengare reglar for gjødselspreiing gjer at mange bønder ikkje kan kvitta seg med all lorten frå husdyra gjennom vanleg gjødsling.

Bio Jæren har søkt Statsforvaltaren i Rogaland om løyve til å driva anlegget. Søknaden er under behandling.

Fabrikk på nabotomta

I tillegg til sjølve biogassanlegget, er det òg planar om ein fabrikk som skal laga gjødsel av restmaterialet frå biogassproduksjonen. Fabrikken skal levera gjødsel til landbruket, privathushaldningar og gartneri.

Fabrikken skal vera i stand til å skilja fosfor, som det er for mykje av i jorda på Jæren allereie, ut av lorten. Det betyr at lokale bønder kan få tilbake gjødsel som er eigna for forholda her. Andre stader i landet – og for så vidt òg resten av verda – er fosfor ein mangelressurs. Då kan dei få ekstra ved å kjøpa gjødsel frå Grødaland.

For å få plass til fabrikken, vil Bio Jæren ha opsjon på tolv ekstra dekar rett ved sida av området som er sett av til det nye biogassanlegget. Opsjon betyr at dei sikrar seg førsteretten til å kjøpa området. Prisen som er avtalt er 11,1 millionar kroner.

Tidsfristen for å slå til på opsjonen er 31. oktober i år.

– Gladsak

Tysdag gav formannskapet, som er dei som bestemmer i slike saker, tommel opp til opsjonsavtalen.

Frå før har Bio Jæren sikra seg opsjon på 56 dekar til å bygga sjølve biogassanlegget på. Blir det noko av, skal dei betala 52,1 millionar kroner for dette området. Også denne opsjonsavtalen går ut 31. oktober i år.

For dette privilegiet betalar Bio Jæren 4,2 millionar kroner i forskot og opsjonspremie. Sjølv om området dei nå har opsjon på blir utvida, blir ikkje dette beløpet endra.

I formannskapet kalla ordførar Andreas Bjorland det ei gladsak.

Han sa at Hå kommune ved å sørga for at det er næringsareal tilgjengeleg på Grødaland har tatt eit stort ansvar for å gjera noko med problematikken som oppstår i kjølvatnet av den nye gjødselvareforskrifta.

Ordføraren rekna med at etableringa av anlegget vil føra med seg synergieffektar.

– Dette blir eit spennande og godt prosjekt, sa Bjorland.

Bio Jæren tar ikkje den endelege investeringsavgjerda før i haust men, ifølge ordføraren, som har vore i kontakt med dei, er lyden god.

– Målet er at dei skal løysa inn heile arealet innan 31. oktober, sa Bjorland.