Høyland skule blir fådelt.
Høyland skule blir fådelt. Foto: Håvard Ovesen

Etter at Vigre skule blei lagt ned for ti år sidan, er Høyland skule den siste gjenverande grendeskulen i Hå.

Held me elevane frå innføringsklassen for elevar med kort butid i Norge (i praksis elevar frå asylmottaket på Nærland) utanfor, er det dette skuleåret 80 elevar på Høyland. I tillegg er det om lag 20 elevar med kort butid i Norge. Dei fleste av desse går i ein eigen innføringsklasse.

Talet på elevar i den ordinære skulen, 80, er venta å halda seg på same nivå til neste år.

Aldersblanding

Skulen tar nå konsekvensen av det låge elevtalet, og er i ferd med å omskapa seg sjølv til ein fådelt skule. Det vil seia at dei ikkje lenger skal ha sju trinn, men operera med aldersblanda læringsgrupper.

Rektor Anne Gunn Feed Jakobsen seier at endringa i realiteten er relativt liten.

– Me har i mange år hatt klassar som har gått i lag, seier Jakobsen.

Det har vore i enkelte fag, til dømes gymnastikk, musikk, KRL eller naturfag, alt etter klassestorleik. Bakgrunnen er at når det er så få elevar i ein klasse, kan undervisninga bli betre av å få inn fleire elevar.

Nå formaliserer dei det litt meir, og slår saman andre og tredje trinn og femte og sjette.

– Me har klassar som er nede i ti elevar. Med større klassar, er det lettare for elevane å spela kvarandre gode, seier Jakobsen.

Meir robust skule

Omlegginga gjer skulen betre rigga til å takla sjukefråvær blant dei tilsette og vil frigjera klasserom, slik at det går an å dela klassane opp når dette er føremålstenleg.

– Og då kan me dela dei opp etter nivå heller enn alder. Me får tilpassa undervisninga på ein litt betre måte, seier Jakobsen.

Høyland skule tar grep for å unngå at klassane blir for små. Dette bildet er tatt inne i eit klasserom på Høyland for ein del år tilbake.
Høyland skule tar grep for å unngå at klassane blir for små. Dette bildet er tatt inne i eit klasserom på Høyland for ein del år tilbake. Foto: Foto: Hilde Anette Ebbesvik (arkiv)

Denne forma for organisering er korkje ny eller unik. Eldre lesarar vil kunna hugsa at Vigrestad skule i si tid hadde ei liknande ordning. Der gjekk to og to trinn saman i ein klasse.

Jakobsen meiner det stort sett berre er fordelar med fådeling når skular er så pass små som Høyland.

– Det gjer oss meir robuste. Me klarar å hjelpa elevane på ein god måte. Utfordringa er at me må vera veldig medvitne om kompetansemåla og passa på at dei kan alt dei skal kunna før dei går ut av sjuande klasse. Men om dei lærar om fuglar langs kysten i femte eller sjette klasse har ingenting å bety, seier rektoren.

– Høyland har livets rett

– Er det føremålstenleg med ein så liten skule som Høyland? Kor liten må ein skule vera før han eventuelt ikkje er det?

– Eg meiner det er mange elevar som har godt av å gå på ein litt mindre skule der me har høve til å sjå dei. Dei blir ein del av heile skulen, me ser dei på ein unik måte. For dei kan det vera trygt og godt at det ikkje er så mange folk rundt dei heile vegen.

Rektoren meiner Høyland skule absolutt har livets rett.

– Klart, det finst ei nedre grense, men at me når slår trinn saman er eit tiltak mot at dei blir så få i kvar klasse. Me jobbar heilt medvite om at alle elevar skal kunna vera i lag. Det er noko eg trur er kjempeviktig i dagens samfunn; at førsteklassingar kan vera med sjuandeklassingar og at dei har respekt for kvarandre og hjelper kvarandre. Det får me på Høyland til på ein unik måte, seier Jakobsen.