Til hausten slepp jærbuen å sortera plastikk ut frå restavfallet.
Til hausten slepp jærbuen å sortera plastikk ut frå restavfallet. Foto: Privat

Heilt sidan storbrannen i IVAR IKS sitt sorteringsanlegg for fire år sidan, har dei samvitsfulle av oss på eige initiativ sortert ut plast i eigne sekkar.

Slutt på dårleg samvit

I Klepp har kommunen komme på døra for å henta plastavfallet, medan i Time og Hå har det vore opp til innbyggarane sjølve å levera det inn til næraste returpunkt.

Det finst nok òg dei som har slurva, og heller berre hive plasten i restavfallet, slik me kunne gjera før IVAR sitt avanserte sorteringsanlegg på Forus gjekk opp i røyk.

Dei gode nyheitene, for kloden, for dei som syntest det var eit ork å kjeldesortera plasten på eiga hand og for dei som fekk dårleg samvit over at dei ikkje gjorde det, er at snart kan du igjen hiva plastikken i restavfallet.

IVAR sitt nye sorteringsanlegg, som skal takast i bruk frå 1. september, klarar sjølv å sortera plasten frå resten, slik òg det førre anlegget gjorde.

Endring i bosshentinga

I Klepp fører dette med seg ei anna viktig endring: Då kommunen innførte ordninga med å jamleg henta plast heime hjå folk, vedtok dei òg at dei skulle henta restavfallet sjeldnare: kvar fjerde veke.

Den ordninga blir det slutt på frå 1. september. Då blir det igjen henting av restavfallet anna kvar veke.

I Time og Hå blir tømmekalenderen som før – berre no med opning for plast i restavfallet.

IVAR startar opp prøvedrift av det nye sorteringsanlegget frå 31. august.

– Prøvedrifta varar til rett over nyttår, men me reknar med at me frå rundt oktober vil ta imot tilnærma alt avfall inn på anlegget, seier Audun Roalkvam, som er fagansvarleg for gjenvinning i IVAR.

Det nye anlegget er av same type som sist, om enn ein litt forenkla versjon.

– På anleggssida har det skjedd ein del sidan sist. Blant anna har det komme eit stort finsorteringsanlegg på Austlandet som me planlegg å levera til. Det betyr at me kan gjera ei litt meir forenkla sortering her, seier Roalkvam.

Han understrekar at sjølv om plasten nå kan gå rett i bosset, må folk framleis kjeldesortera papir og papp, mat- og hageavfall, glas- og metallemballasje, farleg avfall og elektronisk og elektrisk avfall.

Det nye anlegget er levert av tyske Stadler, medan sjølve sorteringsmaskinane er levert av norske Tomra.

Har gått glipp av store mengder plast

Teknologien i anlegget er det som heiter nær-infraraud spektroskopi (NIR). Bossposane som kjem inn går gjennom ein kombinert poseopnar og kvern, og bosset blir spreidd ut over store transportband. Maskinen tolkar bølgelengder i korleis dei ulike materiala reflekterer tilbake lys på molekylærnivå. På den måten klarar han å plukka ut det som er plast.

Når plast blir identifisert, er det luftdyser langs transportbandet som blæs plasten til sides, slik at han kan gjenvinnast.

Før brannen i 2022 plukka anlegget årleg ut rundt 23 kilo plast per innbyggar.

I åra som har gått etter at maskinen brann, har det vore opp til innbyggarane sjølve å sortera ut plasten sin. Det har ikkje vore ein like stor suksess.

Talet har variert stort frå kommune til kommune, men i fjor kom det i snitt inn 2,7 kilo plast per innbyggar.

Resten har gått rett i forbrenningsomnen og blitt til straum og fjernvarme.

– Det kunne blitt til ny plast i staden, seier Roalkvam.

– Når det nye sorteringsanlegget startar opp, kor trygge er de på at de kan unngå ein ny brann av den typen som braut ut 22. juli 2022?

– Me er ganske sikre på at det vil komma branntilløp igjen, men me har brukt all erfaringa vår, pluss erfaring frå resten av avfallsbransjen, til å laga eit mykje tryggare anlegg med seksjoneringar som skal hindra brann i å spreia seg. Anlegget skal vera i stand til å oppdaga og sløkka tilløpa tidlegare. Det skal heller ikkje vera mogleg for brannen å spreia seg slik han gjorde sist.