Graden av presisjon og fair play er nok høgare enn snittet i kommentarfeltet – men får regnbogelaget ballen i mål?
Dei scorer i alle fall eitt viktig poeng i denne samanheng:
Det går an å fremja ulike perspektiv med innestemme.
Med dette sagt er det eit subjektivt inntrykk at laget til min danske motspelar – som i det daglege er ein god medspelar – slår innlegga sine med litt for lite luft.
Påstanden om at regnbogeflagget vaiar ‘over hele verden’ er døme på ei sanning som må modifiserast litt. Det er vel først og fremst eit vestleg fenomen.
At avansert individuell fridom går hand i hand med pride-tog og betre kår for minioritetar er nok sant, men som kjent (?) er vestlege samfunn òg prega av djup splitting og rett ut kulturkrig.
Kva er det eigentleg me stridast om her?
Striden står ikkje om individuelle rettar som å gå i pride-tog og elska kven ein vil – det høyrer privatsfæren til.
Snarare står det om avsnittet av pride-ideologien som omhandlar sosialt kjønn, kjønnsidentitet og skeiv teori. Dette stoffet er vel etablert i læreverk i naturfag og samfunnsfag på barnetrinnet.
Søker ein litt på poden sin iPad – til dømes Gyldendal sitt læreverk i naturfag – så finn ein faktasetningar som:
Kjønnsidentitet er det kjønnet eller dei kjønna ein føler at ein høyrer til.
Ikkje-binær er at du ikkje identifiserer deg enten som jente eller gut, men som begge delar eller ingen av delane.
At alternativ sosiologisk teori – i ei bok om naturfag – har fått såpass fritt innpass og framstår som eit like etablert konsept som biologisk kjønn – uroar ein del av oss. Må borna våre tru på dette?
Her kjem symbolbruk inn i bildet: Kva er dei overbevisande argumenta for at pride-flagging på offentlege flaggstenger ikkje påfører institusjonane våre politiske og ideologiske bindingar?
Stortinget har – etter at dei paradoksalt nok opna for pride-flagging i kommunar – teke konsekvensen av at slike argument saknast, og flaggar som hovudregel ikkje med pride-flagg – fordi ‘presidentskapet har lagt til grunn at Stortinget ikke skal bruke flaggstengene til politiske markeringer eller kampanjer’.
Som ordskiftet viser: På vingane kjenner folk seg absolutt representert av pride eller absolutt ikkje – medan ei betydeleg gruppe sentrale midtbanespelarar er stillferdig skuldertrekkande. Kanskje er ikkje pride det minste felles multiplum?
Tenk om skulen og heimane – i staden for å splittast av kulturkrig – kan samlast om det grunnleggande:
Fag og folkeskikk.
Symbol og slagord er neppe avgjerande for at borna våre skal kjenna seg trygge og som ein del av laget. Korleis me oppfører oss og snakkar til kvarandre i kvardagen bør vera dei viktigaste paragrafane i vår felles regelbok.
Regnbogelaget samanliknar flagget sitt med det norske nasjonalflagget som vart vedteke av Stortinget i 1821 og sidan vore sentralt i nasjonsbygging og samlande symbol for både fedrane og mødrene våre.
Meir treffsikker er parallellen deira mellom den respektive flaggbruken til Foreningen FRI og høgreekstreme aktivistar.
I møte med det totalitære finn me endeleg vår felles grunn:
Det skal vera rom for å både vera og tenka annleis. Me kan einast om å vera ueinige utan at det går ut over verken humør eller relasjon.