I førre veke sa KrFU-leiaren til VG at det vitnar om ein «sjuk kultur» når Norge toppar statistikkane for å senda eittåringar i barnehage. Hovland sa òg at ho personleg «aldri» ville sendt ein eittåring i barnehagen.
Hovland grunngav dette med at enkelte forskarar skal ha funne at tidleg barnehagestart kan føra til høgare stressnivå hjå dei yngste i barnehagen. Ho hevda òg at tidleg barnehagestart aukar risikoen for at barna blir engstelege og inneslutta.
Utsegna møtte mykje motbør, men Hovland fekk støtte frå partileiar Dag-Inge Ulstein, som rosa KrFU-leiaren for å reisa debatten.
Men ikkje alle er einige, sjølv ikkje i Hå, der Kristeleg Folkeparti har ordføraren, er største parti og har fått gjennom ei relativt raus kommunal kontantstøtteordning for dei som er heime med opp til tre år gamle barn.
– Moralsk peikefinger
Vigrestadbuen Marthe Kristine Østerud Primstad sit i Hå KrF sit lokallagsstyre. I førre veke rykka ho ut i den kristne dagsavisa Vårt Land og kritiserte ungdomspartileiaren for å veifta med ein moralsk peikefinger mot norske småbarnsforeldre.
– Å senda eittåringar i barnehagen er ikkje så svart-kvitt som ho skal ha det til. Ho framstiller det veldig negativt, sa Primstad til avisa.
Ein del av Primstad sitt argument var at me lever i eit samfunn som legger opp til at begge foreldre skal vera i lønna arbeid, og at langt frå alle kan – eller vil – prioritera vekk den eine inntektskjelda.
Primstad gjentok det same bodskapet denne veka, då ho blei invitert til Debatten i NRK.
Til Jærbladet seier ho at då ho gjekk ut i Vårt Land, var det ein spontan reaksjon på utspelet til Hovland.
– Hovudmålet mitt var å visa at det finst andre nyansar i KrF. Det er bra å få fram breidda i eit parti. Sjølv om ein står for den same politikken, kan ein ha ulike innfallsvinklar og nyanseskilnadar, seier Primstad.
Ville ikkje brukt det ordet
Ho minner om at 84 prosent av norske eittåringar går i barnehage.
– Blant foreldra deira er det nok nokon som kjenner seg tvinga, og som helst skulle hatt ungane heime lenger. Det tenker eg politikarane må legga til rette for. Men så er det og ein del av foreldra som har lyst til å vera ute i arbeidslivet og synest det går fint å senda eittåringen i barnehagen, seier Primstad.
– Handlar dette mest om politikk eller retorikk?
– Det handlar nok om begge delar, men eg trur eg og ein del andre reagerte på retorikken her. I det store og heile er Hovland og eg einige om politikken – openbert, me er i same parti.
Primstad reagerte aller mest på skildringa av kulturen som «sjuk», i tillegg til Hovland si utsegn om at ho sjølv aldri ville ha send ein eittåring i barnehagen.
– At nokon ikkje ville gjort det, er greitt nok, men utsegn som dette kan ha ein viss innverknad på dei som høyrer dei. Det kan gå inn på folk. Eg trur ikkje Hovland meinte det sånn, men nokon kan nok ha opplevd dette som ein moralsk peikefinger. Det er synd om småbarnsforeldre skal sitta igjen med dårleg samvit, seier vigrestadbuen.
I Debatten tysdag denne veka, sa KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland at ho og Primstad nok er heilt samde om det grunnleggande: At småbarnsforeldre treng reell valfridom.
– For nokon er det rett å ha eittåringen i barnehagen, for andre ikkje. Det er nettopp det politikken må legga opp til, sa Hovland.
Ønsker seg ein annan dagsorden
KrF og særleg KrFU har markert seg med fleire spisse utspel dei siste åra, som forslag om forbod mot regnbogeflagg i skulegarden, verditesting av innvandrarar og bøter til foreldre som ikkje stiller på foreldremøte og elevsamtalar.
I oppkøyringa til stortingsvalet i fjor hausta denne linja kritikk frå partinestorar som Kjell Magne Bondevik og Olaug Bollestad, men til Jærbladet sa dåverande KrFU-leiar, nå spinndoktor for KrF si stortingsgruppe, Hadle Rasmus Bjuland frå Nærbø, at partiet berre hadde funne tilbake til seg sjølv igjen.
På spørsmål om ho opplever at partiet sin retorikk har endra seg, svarar Primstad at ho ikkje har bastante meiningar om det. Ho er meir opptatt av at heile det politiske bildet har endra seg, og at sakene partia diskuterer, ikkje er dei same som dei var for nokre år sidan.
Sjølv kunne ho ønske seg meir merksemd rundt fattigdom og nød.
– Det er sultkatastrofar og krigar, ikkje berre i Midtausten, men òg i Afrika. Mange menneske lir. Det saknar eg meir fokus på, òg frå KrF. Desse sakene er ein av grunnane til at eg har vore i KrF så lenge som eg har, seier Primstad.
Pluss i valkampen
Primstad kjem frå Oslo, men har budd i Stavanger i mange år. Då ho og mannen fekk barn nummer to, flytta dei til Hå, der mannen kjem frå.
– Så nå bur me landleg og godt på Vigrestad, seier ho og ler.
Primstad er med i Hå KrF, men har ingen andre verv ut over å sitta i styret. Då ho stilte opp i Vårt Land, og seinare Debatten på NRK, gjorde ho dette på vegner av seg sjølv.
– Jæren er generelt meir konservativ enn resten av landet. Eg trur nok det er mange i Hå KrF som støttar Hovland. Utan at me har hatt noko oppteljing i styret, er det nok ulike meiningar om dette. Eg representerer sikkert nokon, og så er mange einige med Hovland. Det er heilt greitt, seier ho.
– Me nærmar oss eit nytt lokalval. Trur du utspel som Hovland sitt er eigna til å styrka eller svekka KrF i valkampen?
– Ho legg opp ein smash til oss alle med å ta denne debatten. Det er nok mange i Hå som støttar henne, så for Hå KrF sin del kan det vera med på å styrka posisjonen vår.
Primstad minner om at veljarane sin hukommelse likevel er kort og at valet ikkje er før september neste år.
– Om eit år går me inn i ein intensiv valkamp. Då må me verkeleg fremja dei sakene som er viktige for oss, slik at me kan danna eit godt grunnlag for valkampen, seier ho.