Hå kommune har utarbeida ein ny plan for helsebygg. Planen seier noko om tiltak for å møta utviklinga der ein større del av innbyggarane vil høyra til i den eldste aldersgruppa. I dag er det i underkant av 830 håbuar over 80 år. I 2036 er dette talet venta å vera nesten 1.300.

To konkrete tiltak som blir foreslått er å utvida Klokkarhagen sjukeheim og å etablera eit heildøgns omsorgstilbod på Heimtun. Planen spesifiserer ikkje kor mange plassar det er snakk om eller kor mykje det kan komma til å kosta.

– Treng fleire hender

Då Utval for helse og velferd diskuterte planen tysdag, uttalte Wibecke Natås (Ap) at kommunen nok kjem i mål med å bygga ulike typar helsebygg.

– Men så skal det fyllast med folk som skal jobba der, sa ho.

I løpet av dei kommande ti åra er talet på innbyggarar over 80 år i Hå venta å veksa med 57,1 prosent. Det er ei vekst som er høgare enn snittet både i Rogaland og landet elles.

– Det talet skremmer meg litt. Sjølv om me legg til grunn ein minimumsmodell, betyr det at me treng veldig mange fleire hender, slo Natås fast.

Fleire pensjonistar og færre i arbeid

Ho viste til at heile landet står overfor den same demografiske utviklinga og gav uttrykk for at det kan bli vanskeleg for Hå å rekruttera nok folk inn i den kommunale omsorgssektoren.

I dag er det 4,5 yrkesaktive personar per pensjonist i Hå. I 2035 er same tal venta å vera nede på 3 yrkesaktive per pensjonist. Trenden er venta å halda fram: I 2050 ventar kommunen at det ikkje vil vera fleire enn 2,3 yrkesaktive per pensjonerte håbu.

Kommunalsjefen for helse og velferd, Jørn Kosmo, innrømma at rekruttering er ein av dei tinga han uroar seg over.

– Me har ein kommune som er tre mil lang. Det er ikkje mykje om du samanliknar med til dømes ein nordnorsk kommune, men her er det langt. Det er vanskelegare å rekruttera til Søre Hå enn til Nærbø. Eg trur ikkje rekrutteringa blir lettare framover, sa Kosmo.

Teknologi

I planen for helsebygg heiter det at velferdsteknologi er ein grunnleggande føresetnad for framtidas helsebygg. Velferdsteknologi kan vera ting som tryggleiksalarm og sensorar som registrerer fall – utstyr og programvare som kan auka tryggleik og aktivitet hjå dei som nyttar seg av helsetenester.

I utvalsmøtet understreka Kosmo at han ikkje trur den teknologiske utviklinga kan erstatta dei som jobbar på ei avdeling. Samtidig, sa han, kan automatisering og teknologisk utvikling gjera arbeidsmarknaden mindre for andre yrkesgrupper, til dømes for mange hundre tusen som i dag jobbar innafor varehandel.

Dette er arbeidskraft som, i alle fall i teorien, kan komma til nytte i helse- og omsorgstenestene rundt om i landet.

– Men om dei vil jobba her, veit me ikkje, sa Kosmo.