Hå kommune skal revidera barnehagebruksplanen sin. Det er ein plan som seier noko om korleis behovet for barnehageplassar kan bli i framtida og korleis tilbodet skal organiserast.

Det er politikarane som til slutt skal vedta planen, det gjer dei venteleg i november. Som er vanleg i slike saker, kjem dei til å ta utgangspunkt i eit forslag frå administrasjonen, som har jobba med forslaget i lang tid.

Framtidas struktur

Fredag 4. september blir forslaget sendt ut til hovudtillitsvalde, FAU-ar, samarbeidsutval og spesialpedagogikk-teamet, men allereie på kvelden 3. september fekk politikarane i kommunestyret eit lite innblikk i forslaget.

Som kommunedirektøren sjølv sa det under orienteringa, er det eit forslag som peiker på store og strukturelle grep.

– Det handlar ikkje om kvaliteten på det som blir gjort. Det handlar om bygg, funksjonalitet, arbeidstilhøve, kapasitet og langsiktig berekraft, sa kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.

Jærbladet har ved fleire høve skrive om kommunale barnehagar i Hå som held til i bygg som er lite føremålstenlege og/eller nedslitne.

I vår vedtok politikarane ein areal- og funksjonsplan for barnehagane i Hå. Denne planen legg føringar for bygging av nye barnehagar og ombygging av gamle.

I korte trekk handlar det om universell utforming, fleksible planløysingar, oversiktlege og ryddige rom og transparens.

Eit anna viktig bodskap, er at framtidas barnehagar bør vera store, med plass til 120 barn eller meir. Det gjev billigare og meir fleksibel drift, samtidig som det styrker fagmiljøa.

– Nå viser me kva dette kan bety for framtidas barnehagestruktur, sa Ims torsdag kveld.

– God jobb i dårlege bygg

Dei konkrete grepa overlét ho til Atle Straume å legga fram. Han er kommunalsjef for oppvekst og kultur.

– Ambisjonen er å løfta barnehagesektoren i Hå, sa Straume.

Planen, sa han, skal sikra alle innbyggarane eit likeverdig barnehagetilbod, funksjonelle bygg og gode uteområde.

Til grunn for den nye barnehagebruksplanen har dei lagt prognosar for barnetal, arel- og funksjonsplanen, tilstandsrapportar og normar for bygg og uteområde og rapportar frå miljøretta helsevern som har kontrollert barnehagebygga, i tillegg til vurderingar rundt rekruttering av tilsette og den pedagogiske kvaliteten.

– Dette handlar ikkje om at dei tilsette gjer ein dårleg jobb. Tvert om. Dei gjer ein god jobb. Det er berre det at dei gjer han i bygg som ikkje gjev gode nok rammer, sa Straume.

Han viste til at fleire av barnehagebygga i kommunen er eldre modulbygg med utfordringar knyta til funksjonalitet, inneklima, universell utforming, gode nok personalfasilitetar og vedlikehald.

– Det er freistande å seia at dette er ein barnehagebyggbruksplan, sa Straume.

Poenget hans var at tilbodet ikkje kan vera upåverka av rammene rundt.

Kommunalsjefen slo fast at barnehagetilbodet er godt, men at det er ei utfordring når bygga ikkje er gode nok.

– Då må me løfta blikket og spørja korleis strukturen bør sjå ut dei neste ti åra, sa han.

Vil begynna på Nærbø

På Nærbø foreslår kommuneadministrasjonen å legga ned fire barnehagar: Breidablikk, Bjorhaug, Vigre og Vibereiret.

Desse skal erstattast av ein ny barnehage på Bjorhaug med plass til 150 barn. Her vil dei òg ha ei eiga tilrettelagt avdeling.

– Me tilrår at spespedteamet får base der, sa Straume.

På Varhaug vil dei på sikt legga ned Trekløveren og Varhaug idrettsbarnehage og erstatta desse med ein ny barnehage med plass til 120 barn.

Lenger sør tilrår dei at den kommande barnehagen på Brusand blir organisert som ei avdeling under Måken barnehage i Sirevåg og at kapasiteten i sør blir sett på under eitt.

Administrasjonen sitt råd til politikarane er å satsa på Nærbø først.

– Kapasitetsutfordringa er størst der, sa Straume.

Kommunalsjefen hadde ikkje problem med å forstå at det dei presenterte denne torsdagskvelden kan verka omfattande, men la vekt på at kommunen står overfor det han kalla «eit reelt, strukturelt val».

– Skal me forlenga levetida på bygg som på sikt ikkje er gode nok, eller skal me satsa på nye og framtidsretta bygg, spurde han.

Ber om innspel

Spørsmål om investering, finansiering og framdrift er ikkje ein del av barnehagebruksplanen. Ifølge kommunedirektør Anne Berit Berge Ims vil dette bli tema i hennar forslag til handlings- og økonomiplan som skal leggast fram seinare i haust.

– Nå handlar det om grunnlaget for viktige vegval fram mot 2036, sa Ims.

Fram til politikarane gjer eit endeleg vedtak 17. desember, er planen administrasjonen la fram berre eit forslag. Nå skal planen ut på høyring, og alle som vil kan senda inn innspel.

Planen er å bruka september til det, og så bruka oktober til å ta desse innspela med i arbeidet med eit endeleg utkast som så skal leggast fram for politisk behandling.

– Me legg stor vekt på involvering og medverknad, sa Ims.

Jærbladet skreiv først at politikarane skal vedta ein ny barnehagebruksplan 3. november. Det er feil. Endeleg vedtak kjem 17. desember.