Heldigvis er eg ikkje daosleden etter ein fin sommar på Jæren. Tvert imot. Sommaren her heime gir rom for å sjå og setja pris på landskapet, folka og språket vårt.
Nettopp språket vårt har fått meg til å tenkja. Etter VM-kampen mot Elfenbenskysten sa Erling at han var «daosleden». Eit jærsk uttrykk fekk merksemd frå heile landet.
Mange trekte på smilebandet. For oss på Jæren er «daosleden» eit velkjent uttrykk, men for mange andre vart det eit møte med dialekta vår. Det er noko fint med at dette uttrykket framleis blir brukt og lagt merke til.
Det er lett å jubla når eit jærsk uttrykk får merksemd. Men den same stoltheita kjem ikkje alltid til syne når me skriv. Mange av oss skiftar heilt naturleg over til bokmål. Det er det ingen grunn til å skamma seg over, men det er kanskje grunn til å spørja kvifor.
Kanskje handlar det om vane. For mange har bokmål blitt det naturlege skriftspråket. Det betyr ikkje at bokmål er eit dårleg språk – det er eit rikt og viktig språk som mange har eit nært forhold til.
Samstundes kan det vera verdt å stoppa opp ved nynorsken. Han er ikkje noko framandt. Han byggjer på dei same dialektane som me snakkar, også den jærske. Nynorsken ligg nær mange av dei uttrykka me brukar i kvardagen.
Neste gong eit jærsk uttrykk går landet rundt, kan det minna oss om noko meir enn at dialekta vår er fargerik. Det kan minna oss om at nynorsken ikkje er eit framandt skriftspråk, men eit skriftspråk som veks fram av den språkarven me er så stolte av. Kanskje er nynorsken nærare oss enn me av og til trur.