– Eg liker å vera med folk og er ganske sosial. I tillegg håpar eg å kunna gjera ein skilnad.
Motivasjonen til Morten Haugstad frå Vigrestad er tydeleg.
Heime på Jæren
Haugstad er tilbake på Jæren etter seks år i Oslo, eitt av dei på Fjellhaug Internasjonale Høgskole og dei fem andre på Norsk Lærerakademi.
Nå er han nytilsett lærar ved Ogna skule. Neste veke møter han elevane for første gong. Det gler han seg til.
Frå tida i Oslo har han praksiserfaring frå skular på både vest- og austkanten. Skilnadane på skulane er store, fortel han.
– Men i bunn og grunn er det mykje som er likt. Det er elevar som treng å bli sett, seier Haugstad.
Han er, seier han, meir opptatt av danning enn utdanning.
– Trivst elevane og har det godt, så kjem læringa etter kvart.
Haugstad skal undervisa i matematikk, samfunnsfag, fysisk aktivitet og helse og musikk. Det siste er han spent på. For, som han seier, han har ikkje greie på musikk.
– Det har vore ei god utfordring, seier han og smiler breitt.
Han kjenner seg likevel trygg, for med seg har han den røynde læraren Inger Varhaug.
– Me skal styra skuta på niande trinn i lag, seier han.
Jobb i nabobygda
Det han er mest spent på, er faktisk å møta foreldra.
– Det er litt skummelt, eg kjem nok til å kjenna meg veldig ung, men eg snakkar godt med folk, så det skal nok gå fint det òg, seier han.
Haugstad var aldri i tvil om at han skulle heim til Jæren etter utdanninga.
– Eg er yngst i familien. Dei andre har flytta heim igjen allereie, seier Haugstad som, saman med kjærasten frå Tjelta, har kjøpt hus og flytta til Stokkalandsmarka.
Planen er å sykla til jobben på Ogna kvar dag. Det var faren som utfordra han. Haugstad slo til, men innrømmer at han angrar litt nå.
– Det var kanskje litt ambisiøst, seier han.
Haugstad var faktisk inne på tanken om å søka jobb på Vigrestad.
– Men det blir litt for tett på. Det er godt å jobba i nabobygda. Då blir det ein liten distanse, seier han.
Frå Løten til Sirevåg
Emma Johansen Finnesand kjem frå Løten utanfor Hamar, men fann seg ein kjærast frå Varhaug. No har dei flytta til ein leilegheit i Sirevåg.
– Eg synest det er veldig fint her, seier ho.
I likskap med Morten Haugstad er ho nyutdanna lærar.
Finnesand studerte i Kristiansand. Ho fortel at læraryrket har mange oppgåver ut over undervisning, oppgåver som mange gjerne ikkje kommer på.
– Det er mykje anna. Det kan til dømes vera samarbeid med heimen, eller planlegging og tilrettelegging, seier ho.
Finnesand har fått fast jobb ved Motland skule.
– Eg gler meg til å helsa på elevane. Det blir veldig spennande. Eg har allereie møtt nokon av dei eg skal jobba nærast med og har fått eit godt inntrykk. Det blir fint, seier ho.
Finnesand har hatt lyst til å bli lærar sidan ho sjølv gjekk på barneskulen.
– Eg har hatt gode lærarar sjølv. Dei har vore ein inspirasjon, seier ho.
Ville bli sånn sjølv
For Karen Hermansen Håland frå Orstad var det ein lærar ho hadde på ungdomsskulen og som var til stor hjelp for henne, som blei avgjerande.
– Eg fann ut at eg gjerne ville bli ein sånn lærar sjølv.
Håland etablerte seg tidleg med hus, mann og hund. Dermed var valet av studiestad lett: Universitet i Stavanger.
Ho har hatt ulike skulejobbar både før og under studietida.
– Eg synest det er gildt og det blir berre gildare jo tryggare eg blir i rolla, seier ho.
Som lærar, liker ho godt å vera ute.
– Elevane tar det fint. Eg synst ungane er mykje inne. Å få dei ut og læra dei noko er ein fin ting, seier ho.
Håland har ein mastergrad i naturfag, men når ho nå startar på Bø skule, skal ho i hovudsak undervisa i matematikk.
Ho gler seg til å møta elevane.
– Den første tida, når me blir kjende med kvarandre, er veldig fin, seier ho.
Klare til planleggingsdag
Tysdag denne veka var dei fleste av dei nye lærarane i kommunen samla til utdeling av Chromebook, krasjkurs i datasystem, oppretting av passord og liknande.
Målet er at alle skal vera klare til første planleggingsdag.
Det var skulesjef Rune Roaldsen som ønska dei unge lærarane velkommen.
– De representerer fornying. Det er blandinga av fornying og det etablerte som gjev den beste skulen, sa han.
Dette er dei nye lærarane i Hå:
Motland skule:
- Emma Johansen Finnesand.
- Kaia Tjensvoll Fosse.
- Ruth Rimestad.
Ogna skule:
- Villemo Ikdahl.
- Live Mong Slettebøe.
- Helene Mæland.
- Morten Haugstad.
Bø skule:
- Frida Ulriksen Obrestad.
- Karen Hermansen Håland.
Nærbø ungdomsskule:
- Nanzy Sandanger.
- Gitane Neznamoviene.
Vigrestad storskule:
- Ingvar Gausland.