Då Nelia Kniahnytska kom til Norge frå Ukraina, fekk ho språkpraksis på Smiå Café på Bryne. Ho fekk laurdagsjobb same stad. Etter kvart fekk ho full jobb bak disken.
Men laurdag 15. august var siste arbeidsdag. Smiå Café legg ned.
– Eg vil grina, svarar Kniahnytska når Jærbladet spør korleis det kjennest.
Planen hennar nå er å utdanna seg til kokk via vaksenopplæringa ved Bryne vidaregåande skule. Kva ho vil gjera etter det, veit ho førebels ikkje.
– Akkurat nå er det dette eg tenker mest på, seier Kniahnytska og peiker rundt seg inne i dei trivelege lokala i den gamle Aarresmia i Storgata.
Alexandra Bergort, som er utdanna frisør, skal plukka opp saksa igjen. Ho har fått seg jobb ved Kvernaland Frisør.
– Det er trist å legga ned, men det blir gildt å komma tilbake til faget mitt, seier ho.
Ber seg ikkje
Bergort er eldste dotter til Sophia Edbäck, som opna Smiå Café i november 2023, som ein slags avleggar av Drivhuset Bageri & Gårdsutsalg, serveringsstaden Edbäck og familien driv på Serigstad utanfor Bryne.
Dei to siste åra har ho jobba fulltid ved Smiå.
Forklaringa bak stenginga er enkel: Det går ikkje rundt økonomisk.
I 2024, det første heile driftsåret enda Smiå Café med 34.000 kroner i minus. I fjor gjekk dei med 141.000 kroner i minus.
Kafédrift i det staselege huset – Storgatas eldste – har rett og slett ikkje betalt seg nok. Kafeen prøvde seg med fleire variantar, til dømes buffé og kveldsopen restaurant, men med avgrensa storleik på kjøkkenet viste dette seg å ikkje vera berekraftig over tid.
Travel sistedag
Eit kvarter etter opningstid denne siste laurdagen er det likevel lite som tyder på at det ikkje er nok å gjera.
Kundane strøymer jamt til disken, det er ein god lyd av drøs inne i det koselege lokalet og Bergort og Kniahnytska må stadig springa av garde med kaffi.
Bergort fortel at pågangen har tatt seg opp etter fellesferien.
– Det er kjekt. Eg liker det når det er travelt. Eg skulle berre ønska det var sånn heile tida, seier ho.
Eigentleg hadde dei tenkt å stenga i veka før, men då dei såg at pågangen var større enn venta, valde dei å halda ope ei veke til.
– Me syntest folk måtte få komma heim frå ferie og ta seg ein siste kaffi her, seier Bergort.
Vil sakna kollegaer og kundar
– Kva kjem du til å sakna mest?
– Det er å vera i lag med Nelia og alle dei faste kundane som kom innom for å kjøpa brød og kaffi. Me har hatt faste kundar som har vore med oss heilt frå tida me var med og dreiv Kjøkkenet.
Bergort blir stille. Siste dag på jobben ber med seg sterke kjensler for begge to.
– Me har grine masse. Me synest det er trist, seier Bergort.
– Eg tenker at det er min kafé òg. Dette er babyen min, seier Kniahnytska.
Bergort fortel om ein liten gut som var innom både fredag og laurdag.
– Han sa at i morgon skal han grina, for då kan han ikkje gå på Smiå meir.
Bergort slår fast at folk har sett pris på tilbodet deira i Bryne sentrum
– Det er berre synd at det ikkje blei brukt meir.