– Me er redde for at eigenarten til barnehagane skal forsvinna. Me er redde for at barna skal kjenna seg som ein i mengda, at dei ikkje blir sett, og at dei som har behov for å vera i små barnehagar mistar den tryggleiken dei treng.
Det seier foreldre og FAU-representantar ved Breidablikk kulturbarnehage og naturbarnehagen på Vigre til Jærbladet.
Dei reagerer sterkt på kommunedirektøren i Hå sitt forslag om å legga ned dei fire minste barnehagane på Nærbø og erstatta desse med ein ny barnehage på Bjorhaug med plass til 150 barn.
– Kvifor må alt vera stort? Kvifor kan det ikkje vera plass til begge delar? spør dei.
Slitne bygg
Nyleg sende kommunedirektøren ut eit forslag til ein ny barnehagebruksplan. Ein barnehagebruksplan seier noko om korleis kommunen skal organisera barnehagetilbodet i åra som kjem.
I planen foreslår kommunedirektøren fleire store grep, inkludert nedlegging av seks kommunale barnehagar. Kommunedirektøren vil begynna med dei fire minste på Nærbø: Vibereiret, Vigre, Bjorhaug og Breidablikk.
På sikt vil ho òg legga ned Trekløveren og Idrettsbarnehagen på Varhaug og erstatta desse med ein ny barnehage med plass til 120 barn.
Då kommunedirektør Anne Berit Berge Ims og kommunalsjef Atle Straume først presenterte forslaget, understreka dei at barnehagane gjer ein god jobb, men at fasilitetane ikkje held tritt.
På Nærbø er barnehagane Vigre og Bjorhaug modulbygg på slutten av den venta levetida si og har utfordringar mellom anna med inneklima, lys og akustikk, universell utforming og funksjonalitet. Vibereiret, som held til i eit bygg frå slutten av 1960-talet har mange av dei same utfordringane. Til felles for alle tre er at dei er lite tilpassa moderne barnehagedrift og at det vil kosta veldig mykje å oppgradera dei.
Det same gjeld for Breidablikk kulturbarnehage, som held til i gamle Breidablikk skule, eit verna hus frå 1912. I 2000 fekk barnehagen eit tilbygg vegg i vegg. Dei driv òg i eit gammalt bustadhus på andre sida av uteområdet.
Som Jærbladet tidlegare har skrive, er Breidablikk sine lokal lite eigna for barnehagedrift. Det er, for å nemna noko, mangel på universell utforming, areala for dei tilsette er ikkje i tråd med retningslinjene, det er ikkje nok garderobar og toalett, parkeringsløysinga er mangelfull, det manglar både møterom og arbeidsrom og luftkvaliteten er dårleg.
Vil ha større barnehagar
Tidlegare i år vedtok politikarane ein ny areal- og funksjonsplan for barnehagane i Hå, ei slags oppskrift for korleis framtidas barnehagar skal byggast. Eit av punkta er at nye eller oppgraderte barnehagar skal ha minst 120 plassar.
Grunngjevinga er at større barnehagar styrkar fagmiljøet og gjer drifta meir fleksibel, samtidig som drifta i store barnehagar er billigare per plass. I snitt er det snakk om ein prisforskjell på 21.000 kroner per plass i året.
Konklusjonen til kommunedirektøren er klar. Dei fire minste barnehagane på Nærbø bør erstattast med éin stor barnehage.
I forslaget til barnehagebruksplan innrømmer kommunedirektøren at nokre barn må bytte barnehage og få lengre reiseveg. Men, som kommunedirektøren òg skriv: «Fordelane knyttet til kvalitet, kompetanse og tilbudets robusthet vurderes samlet sett å veie tyngre.»
Sjokkerte foreldre
June Bjorheim, som leiar Foreldras Arbeidsutval (FAU) ved Breidablikk kulturbarnehage viser til at det i fleire år har eksistert planar om å fiksa opp barnehagen og at det til og med har vore sett av pengar til det.
– At dei plutseleg skrotar heile planen om å oppgradera kom som eit sjokk, seier ho.
Breidablikk har eit stort og flott uteområde, men kommunedirektøren meiner dagens byggmasse gjer det tungvint å driva barnehage der.
Bjorheim har ei dotter som akkurat er ferdig i Breidablikk kulturbarnehage og ein son som går der nå.
– Me vel barnehagen trass i at fasilitetane er dårlegare enn i andre barnehagar. Dei andre goda er så viktige og betyr så mykje meir, seier ho.
Seinast på forsommaren la kommunedirektøren fram ei moglegheitsstudie der ho såg på fleire moglege løysingar for å sikra vidare drift ved Breidablikk kulturbarnehage. Felles for dei, var at dei fordra monalege investeringar.
Løysinga kommunedirektøren på det tidspunktet trakk fram som mest føremålstenleg, var å riva nybygget frå 2000 og erstatta dette med eit større, toetasjes nybygg. Eit slikt grep vil auka kapasiteten frå dagens 47 plassar til rundt 90.
Men barnehagebruksplanen som nå ligg føre, kjem fram til at heller ikkje denne løysinga er føremålstenleg nok. Ikkje berre vil det vera utfordringar med estetikken og den praktiske utforminga, det vil òg vera særs kostbart.
Det vil heller ikkje vera mogleg å få kapasiteten opp i 120 barnehageplassar, som er minstekravet politikarane har sett for oppgraderte og nye barnehagar.
– Trygt i små barnehagar
Bjorheim og dei andre foreldra meiner på si side at mindre barnehagar kan vera vel så gode som store. Dei trekk særleg fram kjensla av tryggleik og gode relasjonar.
– Skal ungane mine byta avdeling eller vera ute, treng det ikkje vera med vaksne frå deira eiga avdeling. Alle barna og dei vaksne kjenner kvarandre med namn. I større barnehagar veit dei ikkje ein gong kven alle ungane eller dei tilsette i andre avdelingar er, hevdar Bjorheim.
– Det er det same på Vigre. Alle kjenner alle, seier Anja Haukali, som er FAU-leiar der.
Ho legg til at det som er ekstra kjekt på Vigre, er at mange av ungane der finn saman på tvers av aldersgrupper. Det trur ho ikkje er like vanleg i større barnehagar.
Ingjerd Øgård sit i styret i FAU ved Breidablikk. Ho har barn som tidlegare har gått på ein større barnehage, men søkte barnet over i Breidablikk som er mindre og meir oversiktleg.
– Det er fleire som har gjort det, stadfestar Anette Gudmestad, som sjølv har barn i Breidablikk.
For å ta vare på kjensla av tryggleik, legg kommunedirektøren opp til at framtidas store barnehagar framleis skal kjennast små, med inndeling i klynger. Kvar klynge skal ha eigne uteareal, garderobar og inngangssoner, faste vaksne og felles areal inne og ute.
Kvar klynge kan igjen delast inn i avdelingar. Ved høve kan avdelingane delast inn i mindre grupper.
– Men det blir ikkje det same, innvender Bjorheim.
Morten Kapstad Berntsen, som har ein eittåring i Vigre kultur- og fritidsbarnehage, seier alt kan høyrast fint ut på papiret.
– Men det er ikkje sikkert det er sånn det blir til slutt, seier han.
Fryktar tilsette ikkje blir med vidare
Kommunedirektøren meiner store barnehagar er nødvendig for å sikra fleksibilitet og at det er nok folk på jobb i møte med sjukefråvær. Bjorheim meiner at små barnehagar har sine fordelar, også på dette punktet.
– Når alle kjenner alle, har du fleire folk å spela på, seier ho.
FAU-leiaren fryktar òg for rekrutteringa. Det er ikkje sikkert at alle som i dag jobbar i ein liten barnehage vil vera med over i ein som er større. Bjorheim kjenner sjølv fleire som jobbar i barnehage og som har søkt seg til mindre barnehagar, fordi dei trivst betre under små forhold.
Kommunedirektøren meiner større barnehagar styrker fagmiljøa. Det er ikkje eit argument Bjorheim utan vidare kjøper.
– Det kjem an på korleis du strukturerer det. På Nærbø er det allereie eit godt samarbeid mellom barnehagane. Dette er noko dei kan bygga vidare på, seier ho.
Kan spara 8 millionar kroner i året
Kommunedirektøren reknar med at å legga ned til saman seks barnehagar og erstatta dei med to store, kan kutta dei kommunale utgiftene til barnehagedrift med 8 millionar kroner.
Prisen av å bygga nytt og rehabilitera dei gamle skal vera omtrent den same: 210 millionar kroner.
Kommunedirektøren sitt klare råd er likevel at nybygg og omstrukturering er meir langsiktig og økonomisk forsvarleg enn full rehabilitering av dagens barnehagar.
Foreldra forstår at kommunen er nøydd til å sjå på økonomien.
– Men kva kostar det om fleire barn fell utanfor fordi dei blir eitt av mange i staden for eitt av få? spør Bjorheim retorisk.
Kommuneadministrasjonen har jobba grundig og lenge med den nye barnehagebruksplanen.
Foreldra frå dei fire minste barnehagane på Nærbø var derfor budde på at noko ville komma. Dei hadde møte i forkant av framlegginga, men ingen av dei som var til stades hadde venta eit så drastisk forslag som det som blei lagt fram.
– Me fekk sjokk då me såg kva dei føreslår, seier Bjorheim.
Den nye, store barnehagen med plass til 150 elevar skal byggast der Bjorhaug ligg i dag. Det er 200 meter frå Bø skule. Barneskulen har i overkant av 430 elevar.
Foreldra Jærbladet møter uroar seg for trafikktryggleiken.
Bjorheim seier det allereie er kaos om morgonen og ettermiddagen når skuleelevane blir levert og henta.
– Kva skjer når 150 barn i tillegg skal leverast og hentast i barnehagen? spør ho.
Fryktar for særpreget
Foreldra fryktar at profilen til dei ulike barnehagane skal forsvinna. Breidablikk er til dømes ein kulturbarnehage. Det betyr at dei har ei særleg satsing på musikk, kunst, kultur og kreativitet.
– Omtrent kvar veke har dei samlingar med kulturtema for heile barnehagen. Slikt klarar du ikkje i ein stor barnehage. Då må du i så fall ha det ute. Sjansen er stor for at nokon av barna kjenner at det er utrygt, at dei ikkje får det med seg eller at dei ikkje blir deltakande på same måte. Det er stor skilnad på ei fellessamling for 46 barn og ei for 150, seier ho.
Bjorheim er stornøgd med Breidablikk kulturbarnehage, og seier ho kjenner mange som kunne tenka seg å ha ungane sine der.
– Grunnen til at folk søker ungane sine hit, er at det er ein liten barnehage med ein tydeleg kulturprofil og eit godt namn og rykte. Alt det vil forsvinna. Slår du desse barnehagane saman, mistar dei særpreget sitt, seier ho.
Vigre er ein natur- og friluftslivsbarnehage. Det betyr at ungane der jamleg er ute heile dagen, anten på tur gardsbesøk eller andre aktivitetar.
Anja Haukali har tre barn som har gått eller går i Vigre barnehage.
– Me er veldig fornøgde, seier ho.
Det same er Morten Kapstad Berntsen. I tillegg til eittåringen som går i Vigre barnehage har han to andre som har gått i større barnehage.
– Du merkar skilnaden. Samhaldet er stort. Det er ikkje same moglegheita til å knyta tette band i dei store barnehagane, seier han.
Vigre natur- og friluftslivs barnehage ligg utanfor Nærbø, på sørsida. Plasseringa gjer at han ikkje nødvendigvis er førstevalet til alle som får plass der.
– Det er mange som får plass på Vigre som seier dei vil byta til ein annan barnehage, men dei blir verande. Eg trur kulturen der har mykje å seia, fortel Haukali.
Samstemt frå fire barnehagar
Foreldra har forståing for at det kan vera pengar å spara på å legga om barnehagestrukturen.
– Men tenkt på det som blir spart på lang sikt, seier Kristin Fjermestad.
Ho viser til kor viktig dei første åra av eit barns liv er for den vidare utviklinga.
– Kjensla av tryggleik i ein liten barnehage kan vera med på å legga til rette for god utvikling, seier Fjermestad.
Barnehagar som kjennest trygge kan vera med på å førebygga at barna fell utanfor seinare i livet.
Jærbladet har vore i kontakt med representantar frå FAU ved Bjorhaug og Vibereiret, dei to andre barnehagane på Nærbø som kommunedirektøren vil legga ned. Dei hadde ikkje høve til å møta avisa, men seier dei stiller seg bak kritikken frå dei andre foreldra.