Her kjem datasenteret til Green Mountain langs Undheimsvegen i Time.
Her kjem datasenteret til Green Mountain langs Undheimsvegen i Time. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Green Mountain er i full sving med å byggja hallar til datalagring på Undheim. Store lastebilar og semitrailerar, opptil 65 i talet, har i fleire veker flytta masse, og grunnarbeidet er godt i gang.

Jærbladet har dekka både eit frukostmøte for aktuelle leverandørar og eit orienteringsmøte på Undheim.

Det fortener eit så stort arbeid som dette.

Så må det vera lov å gjera seg nokre tankar om reaksjonar på prosjektet.

Lokalt næringsliv er frampå

Det vert uttrykt bekymring for kva dette kan bety for Undheim, for trafikk, for naturinngrep, for brakkeby og for forbruk av elektrisk kraft. Det kjem også kritiske kommentarar til hastverk i saksbehandling og utanlandsk eigarskap. Mykje negativt knytt til noko som i andre auge er positivt.

Eg var til stades på leverandørfrukosten på Bryne like før påske.

80 lokale bedrifter møtte opp for å sjå på kva moglegheiter slike gigantinvesteringar kan gje. Dei fekk orientering om moglegheiter for oppdrag i anleggsfasen, men også i driftsfasen.

Det er godt at vi har eit lokalt næringsliv som er frampå og som ser moglegheiter der andre stort sett ser moglege problem.

Ikkje beste matjord

Det er rett å stilla kritiske spørsmål til inngrep i naturen, og til investeringar som vil ha verknader inn i samfunnet. Men det vert ikkje rett å totalt oversjå det som vil vera positive ringverknader av eit slikt prosjekt.

Det er heller ikkje rett å møta sakleg og dokumenterbar informasjon frå utbyggjar utelukkande med mistru. Datasenteret på Undheim er ikkje det første Green Mountain byggjer og skal drifta.

Det vert gjort inngrep i naturen. Men ein jærbu vil ikkje kalla det steinete beitelandskapet for «beste matjord» eller «midt i matfatet».

Skal ein i det heile byggja noko på Jæren, må dette vera ein passande plass.

Restvarmen kan nyttast

Aktivitet skapar trafikk, men den grøne bygda treng på same måte som andre bygder aktivitet.

Dei store massane som har vorte forflytta, har gått til jordforbetring og til utfylling av groper der det tidlegare har vorte teke ut steinmassar. Det meste er transportert sørover.

Ein brakkeby på Stord med plass til 6000 er relativt uproblematisk, men den er knytt til eit skipsverft. Vi burde kunna ta imot ein brakkeby for tiandeparten knytt til bygg og anlegg utan større problem her på Jæren.

Smelteverk og metallindustri har vore Vestlandet sin stoltheit i generasjonar. Dei har nytta elkrafta til noko samfunnsnyttig, og vi har unna dei billeg kraft utan spørsmål.

Vi treng framleis aluminium, men vi treng òg lagring av data. Det siste er kanskje like så viktig som det første. I motsetnad til metallindustrien betalar dei òg det krafta er verd. Det som kanskje burde få meir merksemd, er korleis restvarmen kan nyttast til noko fornuftig slik at vi får meir igjen for krafta. Her kan det òg liggja moglegheiter, ikkje minst for matproduksjon, om ein berre får lov til å nytta jorda til anna enn beite.

Lykke til

Det er kanskje ikkje arbeidsplassar som vert den største utfordringa i åra framover, men hender som kan gjera arbeidet.

Men når verkelegheita viser at det er ganske mange arbeidsplassar knytt til drift av eit datasenter, og at det går mange oppdrag til bedrifter rundt eit datasenter, må det vera lov å rekna med det på Undheim òg. Diskusjonen om tal tenkjer eg er mindre interessant.

Eg vil ønskja Undheim lykke til med eit prosjekt som ganske så sikkert vil gje mange positive ringverknader for den grøne bygda, og eg vil ønskja lokalt næringsliv lykke til med mange spennande oppdrag i åra framover. Godt at de er på banen og ser moglegheitene.