Skriv for å søke i artikler…
Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn, mest kjent som Synne Vo, fekk Nynorsk kultursentrum sin pris «Årets nynorskbrukar». Prisen blei delt ut under opninga av Festspela på Aasentunet. – Du har blitt eit inspirerande språkleg førebilete for ein ny generasjon, sa Kristin Bakken, styremedlem i Nynorsk kultursentrum, under utdelinga. I grunngivinga for prisen vektlegg styret at Synne Vo har teke nynorsk inn på arenaer der det er viktig at språket blir meir synleg. Dette har ho gjort ved å bruke nynorsk og dialekt i både songtekstar, marknadsføring og i sosiale medium, står det. – Dette var utruleg stas! Sjølv om nynorsk alltid har kome naturleg for meg, er det veldig triveleg å få ein slik pris, seier Synne Vo i ei pressemelding.
We can't find the internet
Attempting to reconnect
Something went wrong!