Det viste seg å vera kontroversielt då Coop Obs på M44 i vår reduserte opningstidene til Coop Express og fjerna varmdisken, og med det moglegheitene for å kjøpa farsa i to brød over disk. Dei sel framleis farse, men nå ligg ho ferdigpakka i varmeskap.
Ein av dei som fekk med seg oppstyret var Roy Søyland, som sidan i sommar har drive gardsbutikken Smaken av Landet og restauranten The Grillfather på M44.
– Eg såg det var ein som meinte det var tragisk at farse skulle vera i eit varmeskap, seier han.
Nå strekk Søyland ut ei hand til dei som har sakna å handla klassikaren over disk. Frå torsdag 1. oktober blir det mogleg å handla farse i brød i gardsbutikken på M44.
– Det er mange som har spurt etter dette, seier han.
– Blir du konkurrent med Coop Obs nå?
– Nei, eg trur ikkje det. Dei har si greie med farse. Det har dei alltid hatt.
Søyland vaks sjølv opp med å handla farse hjå Domus og Eide, og forstår godt kvifor kjøttpucken aldri går av moten.
– Det er god varmlunsj. Du får mykje mat for pengane, meiner han.
I same kategori er bakt potet, som ifølge Søyland har fått ein renessanse den siste tida.
– Det sel me både med bacon og med pulled pork, fortel han.
Farse var ein fast del av utvalet då Smaken av Landet låg på Njærheim utanfor Nærbø. Nå som dei er over innkøyringsfasen på Bryne, hentar dei klassikaren fram her òg.
– Nå er det tid for å prøva ut ting og spissa utvalet litt, seier Søyland.
Han lokkar med mykje godt attåt.
– Me lagar alt av rekesalat, remulade og liknande sjølv og har mykje godt krydder, seier han.