Eg bur i Time og har barn som skal veksa opp her.
Eg er verken politikar eller ekspert på datasenter, men eg treng heller ikkje vera nokon av delane for å spørja kven denne utviklinga eigentleg er til for, kva ho kostar oss, og kor grensa går.
På Undheim blir det bygd eit datasenter på rundt 70.000 kvadratmeter, med ein effekt på opptil 100 MW.
Samstundes har me planane på Kalberg, der det har vore snakk om eit kraftbehov på opptil 250 MW. Det er enorme mengder kraft.
Eg skal heller ikkje underslå at utbygginga på Undheim skaper aktivitet. Byggeperioden gir lokale oppdrag, årsverk og økonomiske ringverknader. Det er bra.
Men byggeperioden er nettopp det: ein periode. Ein dag køyrer gravemaskinene heim, brakkene forsvinn og datasenteret går over i vanleg drift. Då er Green Mountain sitt eige anslag rundt 100 direkte arbeidsplassar på Undheim.
Det er ikkje ingenting. Men når me samtidig snakkar om opptil 100 MW kraft, må me kunna spørja kva me får igjen på lang sikt for krafta, areala og infrastrukturen me bind opp.
Heile datasenteret på Undheim er bygd for éin stor internasjonal kunde. Kven denne kunden er, får me ikkje vita. Tenk litt på det.
Så har me overskotsvarmen, som lenge har blitt trekt fram som ein ressurs. På Undheim har det vist seg vanskeleg å finna nokon som faktisk kan nytta han.
Green Mountain opplyser sjølv at viss ingen kan ta imot varmen, blir han i praksis berre sleppt ut i lufta.
Så mykje for den ressursen.
Kraft er ikkje ein uendeleg ressurs. Når enorme mengder blir bundne opp i datasenter, er den same krafta ikkje tilgjengeleg for annan industri og andre føremål.
Eg uroar meg også for kva stadig større kraftforbruk kan gjera med straumprisane våre på sikt.
Eg kan ikkje setja eit konkret ørebeløp på straumrekninga og skriva «Green Mountain» ved sida av, men når éin aktør skal kunna trekkja opptil 100 MW, meiner eg spørsmålet er legitimt:
Kven får gevinsten, og kven får rekninga?
Så kjem me til noko eg synest har fått for lite merksemd: etikk og moral.
Green Mountain er eigd av israelske Azrieli Group.
Samstundes har me sett enorme sivile lidingar og øydeleggingar i Gaza, og Israel står i ei pågåande sak ved Den internasjonale domstolen etter folkemordkonvensjonen.
Når Time kommune legg til rette med kraft, areal og infrastruktur for eit selskap eigd av eit israelsk konsern, meiner eg me har lov til å spørja kven me gjer forretningar med, kven som tener pengar på utviklinga vår, og kor våre eigne grenser går.
Time Høgre skriv sjølv:
«Vi skapar ikkje politikk for kommunen, men for alle som bur der»
Flott. Då tek eg dykk på ordet.
Kven er denne politikken først og fremst for?
Dette handlar om krafta vår, naturen vår, matjorda vår og kva slags kommune me skal etterlata til dei som kjem etter oss.
Her vil eg også gi honnør til Jærbladet sine journalistar. Dei grev i desse sakene, stiller spørsmål og får informasjonen ut til folk.
Når sakene blir delte på Facebook, er kommentarfelta fulle av frustrasjon, sinne og sterke reaksjonar. Det seier noko om kor mykje denne utviklinga faktisk uroar folk.
Og no sette vel enkelte politikarar kaffien i halsen, men eg seier det likevel:
Kvifor ikkje spørja oss som faktisk bur her?
Kvifor ikkje ei rådgjevande folkeavstemming om den vidare datasenterutbygginga i Time?
Me snakkar om avgjerder som kan binda opp enorme mengder kraft og store areal i fleire tiår. Då synest eg ikkje det er spesielt radikalt å spørja innbyggjarane kva dei meiner.
Og eg har eit konkret spørsmål til ordførar Andreas Vollsund:
Kor går grensa?
Kor mykje kraft, natur og areal er me villige til å setja av til datasenter før kommunen seier at nok er nok?
Eg ønskjer utvikling i Time. Men eg ønskjer først og fremst ein kommune som blir utvikla for menneska som bur her, og for ungane våre som ein dag skal overta han.
Før politikarane bind opp meir av krafta og naturen vår, må dei hugsa på ein ting: Me kan ikkje bruka framtida først og stilla spørsmåla etterpå.